Faktaboks

Innbyggjartal
735 (SSB, 2023)
Landareal
0,6 km²
Tettstadsnummer
4575 Sirevåg

Sirevåg er ein tettstad i kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 735 innbyggjarar (2023).

Sirevåg ligg ved Sirevåg stasjon på Sørlandsbanen. Staden var tidlegare fiskerihamn med omfattande mottak og foredling; vesentleg skaldyr og pelagisk fangst. Nå er det ei hamn for fritidsfartøy.

På Vedafjellet (44 moh.) like sør for tettstaden er det eit tysk artillerianlegg frå andre verdskrigen, del av forsvaret av Jæren.

Namn

Førsteleddet av namnet har usikker tolking. Det kan vere av verbet síga, 'sige', her i tydinga 'straumføring'. Andreleddet er våg, 'bukt'.

Kart

Sirevåg
Sirevåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg