Faktaboks

Sigurd Pettersen

Sigurd Ørjan Pettersen

Fødd
28. februar 1980, Kongsberg
Sigurd Pettersen
Sigurd Pettersen i 2009.
Sigurd Pettersen
Av /NTB Scanpix.

Sigurd Pettersen er ein norsk tidlegare skihoppar frå Veggli.

Han vann den tysk-austerrikske hoppveka i 2003/2004, etter tre av fire moglege enkeltsigrar, og han blei verdsmeister i skiflyging for lag i Planica i 2004. Han tok VM-bronse i lagkonkurranse stor bakke i både 2003 og 2005. Pettersen var OL-deltakar i Torino i 2006. I alt tok han 6 rennsigrar i verdscupen.

Han vann òg NM-gull i stor bakke i 2004 og 2005, og la opp i 2010.

  • Klubbar: Rollag og Veggli IL.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg