Fyrste gongen Sigurd Hallvardsson er å finne i persongalleriet til sagaforfattarane, er i samband med at Håkon Herdebrei vart utnemnd til konge i 1157. Sigurd Hallvardsson blir rekna mellom dei som tok initiativet til å gje den 10 år gamle Håkon kongsnamn, i opposisjon til kong Inge Haraldsson. Det blir også nemnt at mellom Håkons menn var det mange hovdingar som tidlegare hadde tent Inges brødre, kongane Sigurd Haraldsson (død 1155) og Øystein Haraldsson (død 1157). Det kan difor godt tenkjast at Sigurd Hallvardsson også tidlegare hadde teke del i maktkampen mellom dei tre kongssønene.
I løpet av vinteren og våren 1158 samla Sigurd Hallvardsson og kong Håkon støtte for seg i Gøtaland, medan kong Inge konfiskerte eigedomane deira og styrka forsvaret av Viken og grenseområda i søraust. Etter ein mislykka freistnad på å etablere seg i Konghelle tok Håkon landevegen nord til Nidaros, der han vart teken til konge. Det er uvisst om Sigurd Hallvardsson var med han på denne ferda.
Sommaren 1159 er Sigurd igjen å finne mellom dei fremste hærførarane til Håkon. Føre eit slag ved Gøta elv heldt han ein tale til hæren for å eggje til strid, men også denne gongen kom dei til kort mot kong Inge og hæren hans. Etter dette slaget fekk Sigurd Hallvardsson forhandla fram ein avtale om grid for seg, ettersom han var ein nær slektning av kong Inges støttespelar Gregorius Dagsson. Sigurd fekk òg høve til å returnere til eigedomane sine som Inge tidlegare hadde lagt beslag på. Ein skulle tru at Sigurd dermed også vart tvungen til å bryte med kong Håkon, men noko slikt kan vi ikkje finne prov for. Tvert imot var Sigurd Hallvardsson med kong Håkon då han våren 1160 tok seg landevegen frå Nidaros til Viken, og sannsynlegvis også på nyåret 1161, då Gregorius Dagsson og kong Inge båe vart drepne.
Etter kong Inges fall fekk Sigurd Hallvardsson jarlsnamn av kong Håkon. Det er verdt å merke seg at den danske historieskrivaren Saxo hevdar at utnemninga av Sigurd til jarl vekte uvilje hos dei andre stormennene rundt Håkon. Då Erling Skakke returnerte etter å ha søkt hjelp i Danmark, skal Sigurd jarl ha forlate kong Håkon, hevdar Saxo, av di han ikkje fekk kompensasjon for utgiftene sine. Deretter skal han ha reist til Sverige, men kom attende etter ei tid og vart drepen av Erlings menn. Heimskringla peiker også i retning av ein viss uvilje internt mot Sigurd jarl, men utover det står Saxo åleine om skildringa av brotet med kong Håkon og Sigurds død.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.