Klosterruinane på Selja

Klosterruinane på øya Selja, Vestlandets første bispesete. Klosteret blei anlagt rundt 1100 av engelske benediktinermunkar. Kyrkja var vigd til St. Alban, og tårnet står enno i full høgd (14 m). Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Selja kloster
Oversynssbilete over ruinane av klosteret.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Pilegrimsmerke med Maria og barnet

Pilegrimsmerke av bly med den tronande Maria med barnet, sankt Jakob og ein engel, funne på kyrkjegarden ved klosterkyrkja på Selja. Lengde 7,5 cm.

Universitetsmuseet i Bergen, Arkeologibasen.
Selja kloster

Selja kloster

Selja kloster
Av /via Arfo forlag.

Selja kloster er ein klosterruin på øya Selja i Stad kommune. I mellomalderen var dette eit kloster av benediktinarordenen. Klosteret blei truleg grunnlagt mot slutten av 1000-talet, i samband med at Selja blei bispesete. Klosterbygningane låg på ein flate nedanfor hola der leivningane etter sankta Sunniva og dei heilage på Selja ifølge legenda blei funne. Selja med kloster- og helgenanlegg var eit viktig religiøst senter og pilegrimsmål gjennom størstedelen av mellomalderen, fram til klosteret blei nedlagt rundt 1470.

Faktaboks

Også kjend som

Selje kloster

Selja som tidleg bispesete

Sunnivalegenda fortel at kong Olav Tryggvason lot bygge ei kyrkje på øya etter funn av heilage bein i år 996. Ei tidleg trekyrkje har sannsynlegvis eksistert, men det er ikkje påvist arkeologiske spor etter denne. På seint 1000-tal blei det reist ei steinkyrkje, truleg i samband med at Bjarnhard ifølge islandske kjelder blei innsett som første biskop av Selja av kong Olav Kyrre (regent 1067–1093). Den eldste kyrkja var ein basilika med tredelt skip, påverka av engelsk arkitektur og truleg oppført ved hjelp av engelske handverkarar. Benediktinarklosteret kan ha blitt stifta kort etter, som ei støtte for den nye biskopen. Det tidlegaste klosteranlegget var i tre og blei lagt på sørsida av steinkyrkja. I tillegg til å vere ei Kristkyrkje eller treeiningskyrkje blei steinkyrkja vigd til den engelske helgenen Alban. Valet av ein engelsk helgen indikerer at dei første munkane på Selja kom frå England, truleg tolv munkar saman med ein abbed.

Biskop Bjarnhard flytte til Bergen mot slutten av Olav Kyrre si regjeringstid, truleg kring 1090, og Bergen blei då sete for det vestnorske bispedømet. På bakgrunn av ei islandsk bispeliste frå kring 1360 er det argumentert for at Selja fekk behalde delar av bispesetestatusen fram til 1170. Dette året blei Sunnivaskrinet – helgenskrinet med Sunniva sine leivningar – flytt frå helgenanlegget på Selja til Kristkirken i Bergen. At flyttinga markerte den endelege overføringa av det vestnorske bispesetet frå Selja til Bergen, står ofte omtalt i nyare litteratur. Det er likevel vanskeleg å finne støtte for dette i kjelder frå 1100-talet. Det er snarare grunn til å tru at flyttinga av Sunnivaskrinet representerte ei styrking av bispesetet Bergen med ein lokal helgen, etter mønster frå Trondheim og Oslo.

Selja fortsette også etter 1170 å vere eit viktig religiøst sentrum og var gjennom størstedelen av mellomalderen ein heilag stad og eit pilegrimsmål like ved den viktige leia nordover langs vestlandskysten gjennom størstedelen av mellomalderen.

Kloster og helgenanlegg

Sunnivakirken
Restene av Sunnivakirken.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Selja kloster
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Klosteret på Selja blei gradvis utbygd og endra i løpet av 1100- og 1200-talet. Det karakteristiske og massive kyrkjetårnet som framleis står, kom til på 1100-talet. På siste halvdel av 1200-talet og tidleg på 1300-talet blei klosterfirkanten utvida og oppført i stein. Klosterkyrkja blei også kraftig ombygd og utvida, denne gong med ein rektangulær grunnplan og nytt kor i aust.

Dagens ruinar speglar anlegget slik det låg frå første halvdel av 1300-talet og framover. Då sto klosteret som ein klassisk klosterfirkant i stein etter europeisk mønster. Det var truleg sakristi og kapittelsal i aust med sovesalar i etasjen over. Spisesal og kjøkkenfunksjonar låg vende mot sør, medan lagerrom og andre praktiske funksjonar låg i vestfløyen. Ved det sørvestre hjørnet låg også ein kraftig hjørnebygning med tjukke murar, som er tolka som abbeden sin bustad. Dei fire fløyane i klosterfirkanten omkransa eit gardsrom eller klostergang sentralt i anlegget. Klostergangen var beskytta mot den verste vinden og knytte samstundes dei ulike bygningsdelane saman.

Også området utanfor klosterfirkanten er godt bevart med murar og bygningsrester. Nord for klosterkyrkja ligg kyrkjegarden omkransa av ein mur. På sørsida av klosteranlegget låg fleire bygningar knytte til drifta av klosteret, som sjukestove og gjestehus.

I skråninga ovanfor klosteret tronar framleis i dag eit stort terrasseanlegg i tre nivå, truleg anlagt i tiåra fram mot 1170. Det er sannsynleg at steinmurane i mellomalderen var kvitkalka, slik at dei ville vere synlege på lang avstand. På øvste nivå ligg i dag ruinen etter Sunnivakyrkja. Vidare opp ligg Salen, eller hellerkapellet, som i mellomalderen var eit kyrkjerom lagt i sjølve hola i fjellveggen. Terrasseanlegget kunne i mellomalderen romme store folkemengder i samband med feiringa av store festdagar, først og fremst feiringa av seljumannamesse 8. juli.

Hundreåret etter svartedauden var ei krevjande tid for mange kloster, også for klosteret på Selja. Klosteraktiviteten tok slutt kring 1470, då biskop Finnboge av Bergen (1461–1474) oppløyste klosteret og la klostergodset under bispestolen i Bergen. Også etter at drifta av klosteret var nedlagt, var det ein prest knytt til Selja. På slutten av 1400-talet var der eit feilslått forsøk på å gjenopprette klosterlivet på Selja. Klostergodset blei i 1545 overført til Sankt Jørgens hospital for spedalske i Bergen.

Selja kloster i nyare tid

Av di klosteret på Selja ligg utanfor allfarveg, er det eit av våre best bevarte klosteranlegg. Der har vore arkeologiske utgravingar og vedlikehaldsarbeid i mange omgangar mellom 1817 og i dag, blant anna i 1913, 1935–1940 og 1983. Blant funna er både pilegrimsmerke og fleire tøystykke i silkedamask, no ved Universitetsmuseet i Bergen.

Selja har lenge vore eit populært turmål. Blant dei meir profilerte tidlege besøkande var Sigrid Undset, som besøkte klosteret på Selja i 1926 og inkluderte Sunnivalegenda i sitt forfattarskap.

Ein når øya med båt frå tettstaden Selje på fastlandet. Sidan 1990-talet har klosteret i snitt hatt 3000–4000 besøkande kvart år. Klosteret har dei siste åra også spela ei rolle i den fornya pilegrimsrørsla og har blitt aktualisert som heilagstad og pilegrimsmål. Tettstaden Selje blei vald ut som vertsstad for eit av fire regionale pilegrimssenter langs ei av dei norske pilegrimsleiene, Kystpilegrimsleia mellom Egersund og Trondheim. Sunnivaleia går frå Florø via Kinn og vidare til Selja.

Klosteret på Selja er i dag eigd av Opplysningsvesenets fond, medan Vestland fylkeskommune har forvaltingsansvar. Klosteret blir sidan 2022 forvalta som heilagmål og besøksmål gjennom eit samarbeidsråd med representantar frå vertskommunen Stad, Vestland fylkeskommune, Opplysningsvesenets fond, Oslo katolske bispedømme og Bjørgvin bispedømme.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Djupedal, Reidar (1966). Selja i tusen år : eit minneskrift om kloster og kyrkjer. Selje. Finn boken
  • Djupedal, Torkjell (1996). Selja : Kulturhistorisk handbok. Selja forlag. Finn boken
  • Hommedal, Alf Tore (1995). "Selja i Nordfjord. Som Moster eit bruhovud i kristningsprosessen" i Møtet mellom hedendom og kristendom i Norge, red. Hans-Emil Lidén. Oslo: Universitetsforlaget, s. 142-69. Finn boken
  • Hommedal, Alf Tore (2019). “St Sunniva, the Seljumenn, and St Alban: The Benedictines and the Sanctuary at Selja, Norway”, i Monastic Europe. Medieval Communities, Landscapes, and Settlement, red. Edel Bhreathnach m.fl. Turnhout: Brepols, s. 45-72.
  • Hommedal, Alf Tore, Ommundsen, Åslaug og O'Hara, Alexander, red. (2021) St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen. Irish Queen, Norwegian Patron Saint, Bergen: Alvheim og Eide akademisk forlag.
  • Nybø, Marit (2001). "Albanuskirken på Selja : nye resultater – nye perspektiver" i Fortidsminneforeningens årbok 155 (2001), s. 111-24.
  • Rindal, Magnus, red. (1997). Selja – heilag stad i 1000 år. Oslo: Universitetsforlaget. Finn boken

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg