Faktaboks

Administrasjonssenter
Steinshamn
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
1 238 (2019)
Landareal
21 km²
Høgaste fjell
Harøyburet (156 moh.)
Innbyggjarnamn
sandøying
Kommunenummer
1546 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Sandøy

Sandøy. Ona med Ona fyr. I forgrunnen fundamentet til den gamle brua mellom Ona og Husøya. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Folketallet i Sandøy 1977–2019

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sandøy var ein kommune i Romsdal, Møre og Romsdal fylke, som eksisterte frå 1867 til 2019. Den vart saman med Haram, Skodje og Ørskog slått saman med Ålesund kommune i 2020.

Sandøy ligg ytst på Romsdalskysten og har i alt 871 store og små øyer, seks er busette. Den største øya er Harøya. Ut mot havet i nord ligg Ona/Husøy med Onakalven og Ona fyr i sjølve Onaværet, i nordaust Sandøya og Finnøya og i aust Orta ved den nordre enden av Harøyfjorden som fører sørover aust for Harøya.

Natur

Ona
Frå Ona.
Ona
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Sandøy hadde, nest etter Smøla, flest øyer blant kommunane i Møre og Romsdal. Øyene er bygd opp av gneisbergarter av grunnfjellsalder, men sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefoldingen (den kaledonske orogenesen), noko som har gitt ei framherskande strøkretning sørvest-nordaust i berggrunnen. Det er førekomstar av djupbergarta eklogitt vest og nord på Harøya.

Av kommunearealet utgjorde Harøya 63 prosent, dei andre fem busette øyene i alt 21 prosent og småøyene 16 prosent.

Øyene er låge, i det alt vesentlege under 30 meter over havet, men likevel er dei for ein stor del berglendte. Berre tre øyer når over 30 meter over havet, Sandøya og Ona med høvesvis 36 og 33 meter over havet og Harøya med 156 meter over havet på Harøyburet lengst sørvest på øya. Dei større øyene har store, flate og delvis myrlendte parti; dette gjeld i særleg grad Harøya. Myrene dekkjer i alt 20 prosent av arealet, skogen 8 prosent. Mykje av skogarealet kjem av leplanting.

Busetnad

Dei fleste bur på Harøya, som i 2015 hadde 84 prosent av folketalet. Nord på Harøya ligg tettstaden Steinshamn.

Kommunen hadde frå slutten av andre verdskrigen og fram til første halvdel av 1960-talet ein viss auke av folketalet, særleg som følgje av det rike sildefisket i denne perioden. Folketalet i Sandøy gjekk ned med 6,2 prosent i perioden 2010–2019, mot 6,4 prosent vekst i fylket samla sett.

Næringsliv

Sandøy har tradisjonelt vore ein fiskerikommune, men den delen av befolkninga som er sysselsett i fisket har gått tilbake. I 2014 var åtte prosent av arbeidsplassane i primærnæringane, vesentleg i fisket. Fiskeflåten heimehøyrande i Sandøy ilandførte 2013 ein fangst til ein førstehandsverdi på 78,8 millionar kroner, vesentleg torsk og torskearter. Det aller meste av fangsten vart dette året ilandført utanfor kommunen. Jordbruket er beskjedent og blir dominert heilt av husdyrhald med storfe og sau.

I 2014 var 38 prosent av arbeidsplassane i Sandøy i industrien. I verkstadindustrien er det fleire verksemder med produksjon av høgt utvikla produkt, dels for eksport (Finnøy Gear & Propeller AS, I.P. Huse AS, Nils S. Hansen AS).

Reiseliv og turisme er i vekst i Sandøy. Næringa transport og lagring hadde ti prosent av arbeidsplassane i kommunen; mellom anna på grunn av brønnbåtreiarlaget Rostein AS.

Sandøy Vindkraft AS driv ein vindpark på Harøy med ein installert effekt på i alt fire MW.

Samferdsel

Ona fyr
Ona fyr
Lisens: CC BY SA 3.0

Harøya har eit godt utbygd vegnett med bru/molo over til Finnøya i nord. Ellers er øyene i Sandøy knytt saman med båtruter. Det er bilferjesamband til fastlandet, både til Aukra og Brattvåg.

Historie og kultur

Kommunen vart oppretta i 1867 ved utskiljing frå daverande Aukra kommune. Den var da på 16 km2 og hadde 601 innbyggjarar.

Kommunen fekk sine siste grenser i 1965 da den sørlegaste delen av Harøya (Myklebust) saman med dei talrike, småøyene vest for Harøya vart overført frå Haram. Dette gav Sandøy ein auke i arealet på 5,4 kvadratkilometer, og innbyggartalet auka med 287 personar.

Orten/Orta, Gåsøya og Lyngværet vart overført frå Sandøy til Aukra i samband med kommunesamanslåinga i 2020.

Sandøy kyrkje er ei åttekanta trekyrkje bygd i 1812, påbygd 1879. Harøy kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1934.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet vart godkjent i 1986 og hadde tre sølv spissar møtande i høgre skjoldbremmen mot ein blå bakgrunn; illuderer fyrlys.

Namnet er eit vanleg øynamn, tyder truleg ‘øya som har sandstrekningar eller sandjord’.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Opstad, Kristian, red.: Bygdeboka, 1983-84, 2 band, isbn 82-90454-05-8. Les boka på nb.no: Band 1 Band 2
  • Os, Edvard: Sandøy i Romsdal, 1961. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg