Russere i folkedrakter

Russiske kvinner i tradisjonelle folkedrakter frå Voronezj, fotografert på Den raude plass i Moskva.

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
St. Petersburgs befolkning
Folkemengde på gata i St. Petersburg, Russlands nest største by.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Tuvinar
Tuvinar utgjer mesteparten av befolkninga i republikken Tuva i Aust-Sibir.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Russland har 145,6 millionar innbyggjarar ifølgje utreikningar frå det russiske føderale statistikkbyrået Rosstat (2022). Russland er dermed det niande mest folkerike landet i verda.

54 prosent av innbyggjarane er kvinner, 46 prosent menn. I gjennomsnitt lever kvinner til dei er 78 år og menn til dei er 67 år (World Factbook 2021).

Russland er eit industrialisert og urbanisert land, der 74,7 prosent bur i byar.

Dei siste tre tiåra har talet på innbyggjarar i Russland gått nedover. Det vert fødd få barn og dødelegheita er stor. Mange etniske russarar frå andre tidlegare delrepublikkar i Sovjetunionen har flytta til Russland. Dette gjer nedgangen i innbyggjartalet mindre enn den ville ha vore. Då Sovjetunionen vart oppløyst i 15 sjølvstendige statar i 1991, budde det 25 millionar etniske russarar utanfor Russland.

Busetnadsmønster

I gjennomsnitt bur det berre 8,6 personar per kvadratkilometer (2021) i Russland. Dei aller fleste innbyggjarane (69 prosent) bur i den delen av Russland som ligg i Europa, som utgjer 21 prosent av flatemålet til Russland. Berre 27,2 millionar (som er 18,7 prosent av det samla folketalet i Russland) bur i den asiatiske delen. Det asiatiske Russland utgjer 79 prosent av flatemålet til landet. Desse områda har difor svært tynn busetnad.

I russisk befolkningsstatistikk nyttar dei omgrepet «det ekstreme nord og liknande områder». Dette er regionar der klimaet er særleg barskt. I alt bur 9,8 millionar i slike områder ifølgje Rosstat (2022). Litt under ti millionar bur i områda på nordsida av Kaukasusfjella, som ofte er politisk urolege. Her har mange av innbyggjarane ikkje-russisk etnisk bakgrunn, slik som ossetar, tsjetsjenar, tsjerkessar og lezginar.

Også i andre delar av Russland bur det folk med annan etnisk bakgrunn enn russisk. Dei etniske russarane utgjer 81 prosent av befolkninga. Offisiell russisk statistikk opererer med over 190 etniske grupper. Tatarane er den største av dei og utgjorde 3,7 prosent av befolkninga ved folketellinga i 2010. Ukrainarar utgjorde den nest største gruppa (1,35 prosent). Deretter kom basjkirar, tsjuvasjar og tsjetsjenar med litt over éin prosent kvar.

Folketal

Etter at Sovjetunionen vart oppløyst i 1991, gjekk Russland og dei andre tidlegare sovjetrepublikkane gjennom ei økonomisk krise. Krisa førte mellom anna til at folk fekk færre barn på 1990-talet enn tidlegare. Sjølv om økonomien i Russland tok seg opp på 2000-talet, vart det framleis fødd relativt få barn. Dette skuldast etterverknadar av dei låge fødselstala på 1990-talet, som igjen har ført til at det på 2000-talet har vore få folk i den aldersgruppa som vanlegvis får barn.

Nedgangen i folketalet blir oppfatta som eit stort problem av dei russiske styremaktene. President Vladimir Putin sa i 2020 at den demografiske krisa var «eit historisk problem» og at «Russlands lagnad og historiske framtidsutsikter er avhengige av kor mange vi kjem til å bli». Sidan Putin tok over som president i 2000, har Russland sett inn store ressursar for å få opp fødselstala. Helsetilbodet har vorte styrka for fødande kvinner, og folk får økonomisk støtte om dei blir foreldre. Mellom anna får dei ein eingongssum – såkalla morskaps- eller familiekapital – som skal nyttast til bustad eller utdanning.

Russland har hatt eit stort tilsig av arbeidsmigrantar frå andre tidlegare sovjetrepublikkar. Dette gjeld særleg frå Usbekistan, Tadsjikistan og Ukraina. I alt bur det nærmare ti millionar utlendingar og statslause personar i Russland (2016).

Levestandard

BNP per capita i Russland er om lag USD 28 000 (2021). Levestandarden har vorte jamnt betre sidan år 2000, men framleis lever tolv prosent under fattigdomsgrensa ifølgje offisielle tal.

Russland skårar lågare enn gjennomsnittet for OECD-land. Dei skårar særleg lågare når det gjeld helse, men òg sosiale relasjonar, tryggleik, miljøkvalitet og kor nøgd ein er med livet. Når det gjeld arbeid og utdanning skårar Russland høgare enn gjennomsnittet. Medan gjennomsnittleg 66 prosent av alle vaksne i OECD-land har lønna arbeid, er det tilsvarande talet for Russland 70 prosent. I alt 95 prosent av alle russarar har minst vidaregåande utdanning, mot gjennomsnittleg 75 prosent i OECD (OECD 2020).

Russiske storbyar (2021)

Nr Namn med latinske bokstavar Namn med kyrilliske bokstavar Innbyggjarar
1 Moskva Москва 13,01 mill.
2 St. Petersburg Санкт-Петербург 5,60 mill.
3 Novosibirsk Новосибирск 1,63 mill.
4 Jekaterinburg Екатеринбург 1,54 mill.
5 Kazan Казань 1,31 mill.
6 Nizjnij Novgorod Нижний Новгород 1,23 mill.
7 Tsjeljabinsk Челябинск 1,19 mill.
8 Krasnojarsk Красноярск 1,19 mill.
9 Samara Самара 1,17 mill.
10 Ufa Уфа 1,14 mill.
11 Rostov-na-Donu Ростов-на-Дону 1,14 mill.
12 Omsk Омск 1,13 mill.
13 Krasnodar Краснодар 1,10 mill.
14 Voronezj Воронеж 1,06 mill.
15 Perm Пермь 1,03 mill.
16 Volgograd Волгоград 1,03 mill.
17 Saratov Саратов 0,90 mill.
18 Tjumen Тюмень 0,85 mill.
19 Toljatti Тольятти 0,68 mill.
20 Barnaul Барнаул 0,63 mill.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Øystein Vollan

I denne artikkelen står det at beregnet folketall er 142,008 mill, mens i hovedartikkelen om Russland står det folketall på 139 mill. Hvilken er riktig?

svarte Georg Kjøll

Hei Øystein. Jeg er ikke sikker på hvilke kilder som den tidligere redaksjonen har brukt hvor, men forskjellen samsvarer med de ulike tallene som Globalis har tatt fra FN (142 958 000) og CIA World Factbook, som baserer seg på et estimat (138,082,178). Det er litt ulike faktorer som bestemmer hvordan disse blir beregnet, såvidt meg bekjent, og vanskelig å si hva som er mest korrekt. Det ser ut til å ha blitt foretatt en nasjonal folketelling i Russland i 2010, men bare foreløpige resultater er utgitt, og resten ventes publisert i 2012 og 2013. Hvis du snakker russisk, kjenner noen som snakker russisk, eller stoler på Google Translate, finnes det mer informasjon på de offisielle nettsidene: http://www.perepis-2010.ru/Med vennlig hilsen,Georg KjøllRedaktør

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg