Roy er eit skotsk-engelsk mannsnamn med opphav i eit gælisk namn som tyder ‘raud’.

Ettersom Roy liknar på det franske ordet roi med tydinga ‘konge’, er Roy feilaktig tillagt fransk opphav.

Namnedag er 3. november. Raymond har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Roy

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i USA 1890: skoleelev Roy Gaarder. Under folketeljinga 1900 var han busett i Kristiania. Her er det tale om ein heimvendt emigrantfamilie.

Kjende personar med namnet Roy

Eit utval personar med namnet Roy, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 555 menn i Noreg som hadde Roy som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Roy var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn.

Utvikling i bruk av namnet

Dei engelske einstava namna hadde toppfasen sin i siste halvdel av 1900-talet, til dømes Jack, Tom, Frank, Roy, Ken, Jim, Kay, Glenn, Kim, Tim og Chris. Dette står i motsetning til ein god del av dei einstava nordiske namna som hadde toppfasen sin før 1950, til dømes Alf, Karl, Kjell, Leif, Odd, Bjørn, Rolf, Jarl og Svein.

Utvikling i bruk av namnet Roy frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Roy frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg