Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke

Tjukk L
Tjukk L
Av /Hallfrid Christiansen, 1969.
Lisens: CC BY SA 3.0

Romsdal høyrer til det nordvestlandske e -målet, med endinga ‑e i infinitiv og i svake hokjønnsord i ubunden form eintal: å fare, å kaste, ei veke, ei vise.

Lydverk (fonologi)

Møre og Romsdal fylke

Møre og Romsdal fylke. Romsdalen ved Marstein. Trolltindane til venstre. Som den einaste av vestlandsdialektane har romsdalsk det ein kan kalla systematisk diftongforenkling (monoftongering). Dei gamle diftongane ei og øy har her blitt til æ og ø der dei står framfor konsonant: sæn, kjøre, ræste (sein, køyra, reiste). Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Diftongforenkling

Som einaste av vestlandsdialektane har romsdalsk det ein kan kalla systematisk diftongforenkling (monoftongering). Dei gamle diftongane ei og øy har her blitt til æ og ø der dei står framfor konsonant: sæn, kjøre, ræste (sein, køyra, reiste). Der diftongen står i utlyd, blir det ikkje forenkling, det heiter difor i Romsdal sei (fisken) og øy (øy).

Ikatisme

I delar av Romsdal kunne ein tidlegare høyra itakisme (y blir til i og øy til ei), slik ein finn det mellom anna i Solør-Odalen og i delar av Hallingdal og Nordfjord. Ein romsdaling som framleis har dette særdraget, kan seia: å kjeire hei på ein sindag (å køyra høy på ein søndag).

Palatalisering

Det historiske ld-sambandet er i Romsdal som nemnt blitt til palatal llj: kvellj, sillj, hallje (kveld, sild, halde). På sørsida av Romsdalsfjorden held sambandet nd seg framfor vokal, men ikkje i utlyd. Det heiter her ei strannj, men denj stranda. Nordom fjorden heiter det strannjstrannja.

Særmerkt for romsdalsk i høve til sunnmørsk er at ord med -ld i Romsdal får overgang til palatal llj: kvellj, sillj, å hallje (kveld, sild, å halde). På Sunnmøre heiter det kveld, sild, halde, med tydeleg d-uttale.

Tjukk l

Romsdalsk har tjukk l og skil seg såleis frå dei tilgrensande sunnmørske dialektane. Systemet i Romsdal er slik at ord med gammal l får tjukk l, medan ord med gammal får -r, døme soL og bLo (blod), men gar (gard) og har (hard). (L = tjukk l) Det er ei herme etter romsdalingane, som er i stand til å seia ein haLv kaLv låg i æLva og fLaut på ei fjøL.

Saman med tjukk l følgjer retroflekse (tjukke) lydar i romsdalsk. Slike lydar oppstår i dialekta når tjukk l støyter saman med t, d, n, l, s eller r. Lydane «smeltar saman» (assimilasjon). Ordet juLdag blir juɖag, føLt (følgt) blir føʈ, haLs blir haʂ. Også konsonanten -r skaper slik assimilasjon, og det skjer i ord som ert, ferdig, barn, ærlig og andre. Ein høyrer ikkje r-en her når ein romsdaling snakkar, berre den «tjukke» assimilerte lyden, som er eit eige fonem i språket.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Sterke og svake hokjønnsord får ulike endingar i bunden form eintal, med -a i dei sterke og -å i dei svake: ei bygd – den bygda og ei vise – den viså. Same systemet finn me i sunnmørsk. I Romsdal er sterke og svake hokjønnsord også skilde i fleirtal, og fleirtal manglar r-ending. Systemet er slik:

  • ei dørdøra – fleire døre – allje dørinj
  • ei vekevekå – fleire veko – alle veken

I fleirtal av omlydssubstantiva er det slik at hokjønnsorda endar på -er: bøker og røter, medan hankjønnsorda til vanleg ikkje har r-ending: fleire føt eller fleire føt’e.

I bunden form fleirtal av substantiva har romsdalsk formene kalvan, hanan, skålen og visen, medan Sunnmøre har trestava former: kalvane, hanane, skålene, visene.

Pronomen

Romsdalsk har i 1. person eintal det særeigne pronomenet i. Ein hermer etter Kjell Magne Bondevik frå Molde: «I vil bli statsminister i». Fleirtalspronomenet er me i Romsdal, berre Molde har vi.

Romsdal har ulike pronomenformer etter som ordet har trykk eller ikkje. Det heiter hannj og hånå når ordet har trykk, men eller ‘en’ når pronomenet står trykklett. Døme er: hånå kjenje i gått (trykksterkt pronomen), men I kjenj ‘en ikkje (trykklett).

Dativ

Romsdalsk har levande dativbruk. Dativ fleirtal endar her på ‑å, som elles i vestnorske dativ-mål: je hestå mat (gje hestane mat). Målet har eigne dativformer i 3. person eintal: hænnå, hænna og di (han‑, ho- og inkjekjønn). På Sunnmøre brukar ein formene hånå og hinnje både i akkusativ og dativ. Romsdalsk: i såg o (eg såg ho, akkusativ) blir på Sunnmøre: ei såg innje (akkusativ, same forma som i dativ).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nordal Muri, Alv G. (1977): Kvister eller ei grein? Korleis er språket i Møre og Romsdal? Trykt i Pio Larsen (red.): Bygd og by i Norge. Møre og Romsdal. Oslo: Gyldendal. (Side 348-357).
  • Rypdal, Hans (1929): Romsdalsmål (Tresfjorden): formlæra. Oslo: Olaf Nordli.
  • Sandøy, Helge (1982): Romsdalsmålet : skisse til ein grammatikk. Bergen.
  • Sandøy, Helge (1990): Romsdalsk. Trykt i Jahr, Ernst Håkon (red.): Den store Dialektboka. Oslo: Novus. (Side 70-71).
  • Skjekkeland, Martin (2005): Nordvestlandsk. Trykt i Skjekkeland: Dialektar i Noreg. Tradisjon og fornying. Kristiansand: Høiskoleforlaget. (Side 177-180).

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg