Rome og Julie
Montague og Capulet forsonast over dei døde Romeo og Julie.
Av .

Romeo og Julie er eit skodespel skrive av William Shakespeare på 1590-talet. Det er ein kjærleikstragedie om to unge elskande som ikkje kan få kvarandre. Stykket er eit av dei mest populære skodespela til Shakespeare og eit av dei mest kjende og oftast framførte verka i verdslitteraturen. Det har vore laga fleire filmar og musikkverk med utgangspunkt i Romeo og Julie, noko som har bidrege til den sterke posisjonen skodespelet har i kulturen.

Handling

Romeo og Julie handlar om to stridande familiar i byen Verona i Italia, Montague og Capulet. Tenåringen Romeo, som er son av leiaren for Montague-slekta, snik seg inn på ein fest arrangert av Capuletane og blir der forelska ved første blikk i dottera i familien, Julie, som i sin tur blir forelska i han. Ikkje berre er familiane fiendar, men Julie er trulova med grev Paris. Romeo og Julie møtest difor i det skjulte og giftar seg etter kvart i eit hemmeleg bryllaup.

Diverre fører konflikten mellom familiane Romeo ut i eksil. Lawrence, munken som vigde dei to, foreslår at Julie kan ta ein medisin for å spele død og på den måten sleppe å gifte seg med Paris. Romeo, som er isolert i nabobyen Mantova, kjenner ikkje til denne planen, og til slutt døyr både Romeo, som tek sitt eige liv fordi han trur Julie er død, og Julie, når ho ser kva Romeo har gjort.

Etter at det har blitt klart kva som har skjedd, blir dei to familiane forlikte, og gjennom det tragiske utfallet blir det til slutt fred i Verona.

Struktur og tema i stykket

Romeo og Julie er eit av dei klaraste eksempla på sjangerblanding hjå Shakespeare. Stykket byrjar og held lenge fram som ein typisk Shakespeare-komedie, der dei elskande må bruke vitet for å overvinne hindringar og haldningar som trugar med å skilje dei. Og som i ein Shakespeare-komedie blir dei altså gifte. Men alt frå prologen, ein sonett som blir framført av «koret» (ei slags dramatisk forteljarstemme), er det klart for publikum og lesaren at dette ikkje vil ende godt. Som det står i Halldis Moren Vesaas’ omsetjing:

Om deira elskhug, dømd frå fødslen av,

om fedrars hat, som først fekk sløkt sin eld,

den dag dei unge lagdes i si grav,

skal vi fortelje med vårt spel i kveld.

Vi skjønnar dermed at dette er ein tragedie, og at den skal handle like mykje om eit samfunn i strid som om dei to elskande.

Til liks med mange Shakespeare-stykke har Romeo og Julie handling lagt til Italia. Og som elles hos Shakespeare er denne handlinga dramatisert, men ikkje oppfunnen av Shakespeare. Han nytta eit dikt av den engelske poeten Arthur Brooke, The Tragicall Historye of Romeus and Juliet (1562), som kjelde, men det er fleire ledd bakover i tid: Brooke sitt dikt var basert på ei fransk omsetjing av ei italiensk forteljing skriven av Matteo Bandello, og denne var igjen basert på ein type forteljing som var populær i antikken og gjennom mellomalderen.

Brooke sitt dikt handlar i hovudsak om kor ufornuftige og hastige dei to unge elskande er, og også i Shakespeare går dei veldig fort fram, frå første møte til giftarmål i løpet av nokre få dagar. I tillegg er dei begge veldig unge; Julie er berre tretten år (eit ulukkestal). Hjå Shakespeare er det likevel lite eksplisitt fordømming av dei to. I staden blir stykket ofte sett som ei feiring av den store kjærleiken, og kjærleikens triumf over hatet, sjølv om ein stor pris blir kravd av hovudpersonane.

Den sentrale posisjonen til kjærleiken blir framheva av ordleiken i stykket. Sidan stykket er halvveges ein komedie, er det særskilt rikt på vitsar og til dels ganske grove ordspel. I tillegg flettar det inn sonettar, til dømes når Romeo og Julie kyssar kvarandre første gongen (i akt 1, scene 5), og mange andre poetiske former og verkemiddel.

Stemninga endrar seg frå lett og lystig til mørk og tragisk når konflikten mellom familiane eskalerer. Romeo sin ven og allierte i Montague-klanen, Mercutio, blir drepen av den hissige Capulet-soldaten Tybalt. Når Romeo så drep Tybalt, blir han bannlyst av fyrsten av Verona, som er lei av striden mellom desse to familiane.

Etter dette blir det fleire dødsfall. Når Romeo høyrer at Julie har døydd (og ikkje veit at ho berre er bedøvd), hastar han til krypten der ho ligg, og hamnar i eit basketak med Paris i mørkret, slik at han også blir drepen. Og når han ser Julie, tar Romeo altså sitt eige liv. Julie vaknar etter ei lita stund, og når ho oppdagar den avlidne Romeo, tek også ho sitt eige liv.

Attpåtil døyr også mora til Julie av påkjenningane, men dei to patriarkane for familiane bestemmer seg likevel for å slutte fred i lys av tragedien. Overordna sett handlar altså stykket om korleis kjærleiken kan reparere eit splitta samfunn, men også korleis dette gjerne ikkje skjer før det er for seint for mange av dei involverte.

Sceneversjonar, filmversjonar og musikk

Romeo og Julie blir stadig sett opp på scener over heile verda. Det har og vore laga fleire kjende filmar og musikkverk med utgangspunkt i Shakespeares stykke.

Musikkverk

Romeo og Julie er eit skodespel som er spesielt assosiert med musikk. Vincenzo Bellini, Pjotr Tsjajkovskij og Sergej Prokofjev (blant fleire andre) har skrive orkesterstykke, operaer og ballettar baserte på Shakespeares versjon av historia.

Eit utvalg:

Film

Tre filmadaptasjonar utmerkar seg som spesielt viktige og har både reflektert og hatt innverknad på ungdomskulturen i sine respektive tiår. Alle dei tre filmane hadde populære lydspor.

West Side Story var først ein scenemusikal i 1957, før den blei filmatisert i 1961. Som tittelen indikerer, er den ganske laust basert på Romeo og Julie, med handling lagt til New York og med rivaliserande gjengar – Jets (kvite amerikanarar) og Sharks (puertoricanske innvandrarar) – i staden for ein veronesisk familiefeide som sentralt handlingselement.

Nokre år seinare blei Franco Zeffirellis filmversjon (1968) ein stor kinosuksess, også for eit ungt publikum. Zeffirelli-filmen, med handling frå renessanse-Italia, har eit klassisk inspirert lydspor med piano, fiolin og så vidare. Hovudrollene blei spelt av Leonard Whiting og Olivia Hussey.

I Baz Lurhmanns Romeo + Juliet frå 1996 er det Claire Danes og Leonardo Dicaprio som har hovudrollene. Luhrmanns versjon finn stad i eit fiktivt, samtidig USA, noko som blir reflektert i filmmusikken, som er ei blanding av house, indierock og pop.

Andre filmadapsjonar:

Teksten og omsetjingar

Vi veit ikkje nøyaktig når Shakespeare skreiv Romeo og Julie, men stykket blei framført i 1596–1597 og kom i trykt utgåve i 1597. Den første kvarteutgåva er ganske ulik kvarteutgåva frå 1599 og folioutgåva frå 1623. Redaktørar brukar gjerne element frå alle tre for å konstruere ein ideell tekst.

Romeo og Julie har vore omsett til bokmål og nynorsk. Viktige omsetjingar er

Romeo og Julie som motiv i kunsten

Romeo og Julie ved Capulets grav
Måleri frå rundt 1850, Musée Delacroix i Paris

Billedkunst

År Kunstnar Verknamn Verktype
1824 Eugène Delacroix Les Adieux de Roméo et Juliette maleri (privat eie)

Litteratur

År Kunstnar Verknamn Sjanger
1524 Luigi da Porto Historia novella fortelling
1554 Matteo Bandello Giulietta e Romeo fortelling
1562 Arthur Brooke Romeus and Juliet dikt
1595 William Shakespeare Romeo and Juliet skuespill
1602 Lope de Vega Castelvines y Monteses skuespill
1640 Francisco de Rojas Zorrilla Los bandos de Verona skuespill
1700-tallet anonym Romio und Julietta skuespill
1856 Gottfried Keller Romeo und Julia auf dem Dorfe fortelling
1928 Jean Cocteau Roméo et Juliette skuespill
1946 Jean Anouilh Roméo et Jeanette skuespill
1958 Jan Otčenášek Romeo, Julie og mørket roman

Musikk

År Kunstner Verknamn Verktype
1776 Georg Benda Romeo und Julie syngespel
1811 Claus Nielsen Schall Romeo og Giulietta ballett
1830 Vincenzo Bellini I Capuleti e i Montecchi opera
1839 Hector Berlioz Roméo et Juliette dramatisk symfoni
1867 Charles Gounod Roméo et Juliette opera
1869 Pjotr Tsjajkovskij Romeo og Julie orkesterfantasi
1876 Johan Svendsen Romeo og Julie orkesterfantasi
1901 Frederick Delius A Village Romeo and Juliet opera
1926 Constant Lambert Romeo and Juliet ballett
1936 Sergej Prokofjev Romeo og Julie ballett
1939 Heinrich Sutermeister Romeo und Julia opera
1940 Boris Blacher Romeo und Julia kammeropera
1951 Sverre Jordan Romeo og Julie scenemusikk
1957 Leonard Bernstein West Side Story musikal

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Geoffrey Bullough, Narrative and Dramatic Sources of Shakespeare. Vol.1. Routledge, 1964.
  • Emma Smith. This is Shakespeare. Pelican, 2019.
  • René Weis (red.), Romeo and Juliet, av William Shakespeare. Methuen-Arden, 2012.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg