Faktaboks

Robert Bly

Robert Elwood Bly

Uttale
blai
Fødd
23. desember 1926, Madison, Minnesota, USA
Død
21. november 2021
Robert Bly
Robert Bly snakket om hans tilrettelegging av Henrik Ibsens Peer Gynt, i et intervju tirsdag 8. januar 2008 i Minneapolis. Poeten mente Peer Gynt hadde blitt urettferdig oversett og viser Ibsens geni.
Av /NTB.

Robert Bly var ein norskætta amerikansk poet og omsetjar som har gjort fleire norske forfattarar tilgjengelege på engelsk. Han har også markert seg som krigsmotstandar og sterk talsperson for mannsrolla.

Bakgrunn

Robert Elwood Bly vart fødd i Madison i Minnesota, USA. Foreldra var frå Bleie i Hardanger. Etter high school i 1944 tenestegjorde han to år i den amerikanske marinen, før han byrja på St. Olaf College i Minnesota i 1946. Året etter gjekk han over til Harvard University. Etter avgangseksamen der budde han fire år i New York, før han i 1954 til 1956 var student i kreativ skriving ved universitetet i Iowa.

Forfattarskapen

Bly debuterte med diktsamlinga Silence in the Snowy Fields i 1962 og har gjennom åra gitt ut eller har vore bidragsytar i meir enn 40 diktsamlingar og antologiar, gjendiktingar inkludert. Samlingane The Night Abraham Called to the Stars (2001; norsk omsetjing Den natta Abraham ropte til stjernene, 2014) viser kjennskap til og inspirasjon frå den islamske diktartradisjonen. Han har òg skrive om lyrikk som tema i Talking All Morning (1980) og American Poetry (1990). I 1972 vart eit utval av Bly sine dikt omsett til norsk under tittelen Odin House, Madison, Minnesota.

Bly var politisk aktivist under Vietnamkrigen og var med på å stifte American Writers Against the Vietnam War. Seinare har Bly engasjert seg i kampen for mannsrolla, mest av alt med boka Iron John. A Book About Men i 1990. Ho kom i norsk utgåve som Mannen i 1992. Bly blir av mange rekna som opphavsmannen til mannsrørsla, som tok mål av seg å gjenreise den sterke og maskuline mannen og farsfiguren etter at kjønnspolitikken i 1970-åra førte til eit mjukare mannsideal. Han har òg drive seminar- og konferanseverksemd rundt dette emnet.

Hjemstaden til Bly har vore ei kjelde til inspirasjon i forfattarskapen hans. Derifrå har han gitt ut lyrikktidsskrift som har skifta namn kvart tiår, The Fifties, The Sixties og så videre. I dette har han særlig presentert lyrikk frå Latin-Amerika og Europa.

Omsetjing og gjendikting

Bly har mellom anna omsett nordiske lyrikarar som Gunnar Ekelöf, Tomas Tranströmer, Knut Hamsun og Olav H. Hauge. I 1950-åra var Bly i Noreg som Fulbright-stipendiat for å omsetje norsk litteratur til engelsk. Her kom han over forfattarar som Knut Hamsun, Rolf Jacobsen og Olav H. Hauge. Bly ætta frå Hardanger, og då han reiste dit gjesta han Hauge i Ulvik. Med åra utvikla dei to eit godt vennskap. Bly stifta også kjennskap med andre som fekk stor innverknad på forfattarskapen hans, mellom dei poeten Tomas Tranströmer. Bly er den viktigaste gjendiktaren av den svenske nobelprisvinnaren til engelsk. Den årelange brevvekslinga mellom Bly og Tranströmer kom i 2001 ut i bokform på svensk, med tittelen Air Mail. Brev 1964–1990 (norsk utgåve i 2013).

Utmerkingar

Samlinga The Light Around the Body frå 1968 fekk tildelt den høgthengande prisen National Book Award. I 1994 fekk Bly Diktartavla, ein litteraturpris som kvart år går til ein markant norskspråkleg lyrikar. For innsatsen for skandinavisk litteratur fekk Bly i 2008 både Tomas Tranströmerprisen og Amboltprisen. Den siste blir delt ut av Venelaget Olav H. Hauge.

Litterære verk i utval

  • Sleepers Joining Hands (1972)
  • The Man in the Black Coat Turns (1981)
  • Loving a Woman in Two Worlds (1985)
  • What Have I Ever Lost by Dying? Collected Prose Poems (1992)
  • Snowbanks North of the House (1999)
  • My Sentence Was a Thousand Years of Joy (2005; norsk oversettelse Dei dømde meg til tusen år i glede, 2015)
  • Turkish Pears in August: Twenty-Four Ramages (2007)
  • Stealing Sugar from the Castle: Selected and New Poems, 1950-2013 (2013)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Knut Olav Åmås: Mitt liv var draum. Ein biografi om Olav H. Hauge. Oslo 2004

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg