Trehus frå 1840-åra i Åve, på austsida av fjorden. Foto: Nils Jacobsen.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Tollpakkhuset. Foto: Nils Jacobsen.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Litle Prestskjeret fyr. Foto: Nils Jacobsen.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Rekefjord er ei tettgrend i Sokndal kommune i Rogaland, ved kysten mellom Sogndalstrand og Nesvåg, cirka 110 kilometer sør for Stavanger.

Faktaboks

Uttale
Rægefjord

Den austlege delen av Rekefjord var ein del av Sogndal ladestad (Sogndalstrand), som fram til 1944 var ladestad og eigen kommune. I 1944 blei Sogndal med Rekefjord slått saman med Sokndal kommune.

I Rekefjord var det betre hamneforhold enn på Sogndalstrand. På slutten av 1700-talet blei det bygd ein bradbenk i Rekefjord, der skip kunne reparerast, kjølhalast, tettast og botnsmørjast. I Rekefjord har det vore tre rekefabrikkar (av desse er éin bevart), fiskemottak, sildekummar med vidare.

Kystruta anløpte Dampskipskaien i Rekefjord fram til 1963. Ved Malmkaien var det utskiping av malm frå Blåfjell Gruver. Det blei på 1860-talet bygd jernbane frå Blåfjell til Rekefjord for å frakta malmen. I dag er denne strekninga gang- og sykkelsti. På Malmkaien er det laga gjestekai som del av ei ny, moderne flytebryggje. I Rekefjord ligg Blåbua kurs- og konferansesenter.

I Åve, på austsida av fjorden, finst trehusbusetnad frå 1840-åra. Åve blei sete for dei mektigaste og rikaste familiane i ladestaden. Den faste befolkninga i Rekefjord var fåtalig og budde spreidd. Bryggjer, kaianlegg, pakkhus og sjøbuer vitnar om travle tider den gong skuter lossa og lasta og fiskebåtane kom inn med fangst til mottaka. Her låg skip i vinteropplag, og mannskapet på skip som blei reparerte på bradbenken, måtte innkvarterast. Hamna kunne vera full av skip og mindre båtar, jekter, skøyter og opne fiskebåtar.

På austsida, ytst i Rekefjord, ligg Litle Prestskjeret fyrstasjon, som no blir drive som besøksfyr.

Kart

Rekefjord
Rekefjord
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg