Faktaboks

Ragnar Rommetveit
Fødd
11. juli 1924, Stord, Vestland
Død
11. juni 2017, Bærum, Viken
Verke
Psykolog
Familie

Foreldre: Gardbrukar og heradssekretær Rasmus Rommetveit (1886–1960) og Åsa Lønning (1890–1974).

Gift med pedagogisk konsulent Sigrid Larssen (20.6.1923–5.4.1999), dotter til sjøkaptein Tønnes Larssen (1881–1945) og Ingrid Wigstøl (1887–1982).

Ragnar Rommetveit var ein norsk psykolog og professor i psykologi ved Universitetet i Oslo i 35 år. I psykolingvistiske fagmiljø markerte han seg internasjonalt.

Bakgrunn

Ragnar Rommetveit var fødd på Stord i Sunnhordland. Han tok lærarskuleeksamen på Stord i 1947 og magistergraden i psykologi i 1950 ved Universitetet i Oslo. I 1953 vart han dr.philos., med avhandlinga Social Norms and Roles. Frå 1951 var han universitetsstipendiat, frå 1954 dosent og frå 1959 og fram til pensjonsalderen i 1994 professor i psykologi ved Universitetet i Oslo. Han var også gjesteprofessor ved amerikanske og europeiske universitet.

Psykolingvistikk

Internasjonale forskingsmiljø

Rommetveit var ei drivkraft i det tverrfaglege psykolingvistiske forskingsmiljøet både i Noreg og internasjonalt. I 1960-åra engasjerte han seg i European Association of Experimental Social Psychology. Han hadde eit æresprofessorat (Andrew D. White professor-at-Large) ved Cornell University frå 1977 til 1983.

Publikasjonar og formidling

Rommetveit publiserte fleire bøker, mellom dei Ego i moderne psykologi (1958), Words, Meanings and Messages (1968), Språk, tanke og kommunikasjon (1972) og Språk, individuell psyke og kulturelt kollektiv (2008). Saman med Rolv Mikkel Blakar har han redigert Language, Thought and Verbal Communication (1979). Han skreiv òg artiklar og var redaksjonsmedlem i internasjonale fagtidsskrift, men sikta ofte utover eit reint fagleg miljø.

I Syn og Segn skreiv han alt i 1967 artikkelen «Psykolingvistikk. Ny vitskap i eit grenseland», der han introduserte det nye forskingsfeltet, som var sprunge ut frå Harvard-universitetet i USA.

Fagspråk

Sjølv om Rommetveit publiserte delar av den vitskaplege produksjonen på engelsk, var han mellom dei første til å styrkje nynorsken si stilling som fagspråk innanfor psykologien.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg