Faktaboks

Ragnar Bjerkreim
Fødd
19. april 1958, Bjerkreim, Rogaland

Ragnar Bjerkreim er ein norsk komponist. Han fekk gjennombrotet sitt med musikken til filmane om Kamilla og tyven. Han har sidan komponert musikk for film og fjernsyn og er ein sentral bidragsytar i interesseorganisasjonen NOPA.

Ragnar Bjerkreim har eksamen i teologi frå Misjonshøgskolen i Stavanger (1977–1983) og fullførte i 1990 hovudfag i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Hovudoppgåva hans derifrå har tittelen «Filmmusikkens funksjon».

Som komponist vart han først kjend for musikken til dei to familiefilmane om Kamilla og tyven (1988 og 1989), og seinare har han skrive musikken til mellom anna fjernsynsserien om Thor Heyerdahl, The Kon-Tiki Man (1990), og familiefilmen Jakten på nyresteinen (1996). For fjernsynet har han elles skrive introduksjonar til programma Redaksjon 21, Til debatt og Utenriksmagasinet (NRK) og musikk til ulike fjernsynsseriar. Bjerkreim har òg skrive musikk til teater og musikalar.

Musikken hans er tonal og kombinerer gjerne verkemiddel frå fleire sjangrar. I Missa Caritatis, som er eit av hovudverka hans, vert gregoriansk song blanda med gospel, rock, samtidsmusikk og jazz. Bjerkreim har også skrive Oratoriet kong David (2004) til tekst av Edvard Hoem.

I tillegg til den utøvande verksemda har Bjerkreim engasjert seg i det musikalske organisasjonslivet. Frå 2006 til 2008 var han styreleiar for rettshavarselskapet TONO, og frå 2008 til 2014 var han styreleiar i NOPA (Norsk forening for komponister og tekstforfattere). I sistnemnde organisasjon har han særleg engasjert seg i spørsmålet om opphavsrett. I 2014 vart han tildelt æresmedlemskap i organisasjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg