Faktaboks

Petter Løvik
Fødd
11. juli 1949, Volda
Død
3. desember 2007

Petter Løvik var ein norsk siviløkonom og politikar frå Høgre.

Løvik var amanuensis ved Høgskulen i Volda i åra 1980–1985 og 1988–1997.

Politisk karrière

I perioden 1994–1997 var han leiar for Møre og Romsdal Høgre. Han sat i Volda kommunestyre frå 1979 til 1997, vararepresentant til Stortinget frå 1993 til 1997 og stortingsrepresentant for Møre og Romsdal frå 1997 til 2007. På Stortinget leidde han Samferdslekomiteen i perioden 2001–2005.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg