Petter er eit mannsnamn som er norsk form av Peter som kjem av latin Petrus med opphav i gresk Petros som er ei omsetjing av arameisk Kefa som tyder ‘stein, berg, klippe’.

Petter er mykje mindre brukt i Sverige, og i Danmark er det svært få som heiter Petter.

Namnet har fleire variantar: Peder, Peter, Petter.

Namnedag er 29. juni. Per og Peter har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Petter

Eit utval personar med namnet Petter, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 271 menn i Noreg som hadde Petter som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Petter var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 35 gutar som fekk namnet Petter.

Utvikling i bruk av namnet

Peder var mykje brukt på 1800-talet, og det låg som nummer 5 på ranglista både i 1805–1809 og 1830–1834. Deretter gjekk det jamt nedover med denne danske forma til eit botnnivå frå midten av 1900-talet. Ifølgje «Norsk personnamnleksikon» var Peder ofte ein skrivemåte av Per til og med 1800-talet, men rundt 1900 fekk Peder også innpass i talemålet. Kurva for Peder på 1800-talet inkluderer dermed mange belegg på talemålsforma Per. Peter var mest brukt midt på 1800-talet, og namnet skil seg ut frå hovudtyngda av dei bibelske mannsnamna ved at det ikkje fekk eit oppsving rundt år 2000. Petter, som er ei lydleg justering av Peter på norsk og svensk grunn, hadde den fyrste toppfasen i 1870-åra og den neste i 1990-åra.

Utvikling i bruk av namnet Petter frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Petter frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Petter på 1800-talet.

Petter var mest brukt i Østfold og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Petter på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Petter var mest brukt i Østfold og Nordland.

Historisk bruk av namnet Petter
Historisk bruk av namnet Petter
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg