Pernille er eit kvinnenamn som kjem av det latinske Petronella med opphav i slektsnamnet Petronius med usikker tyding.
Pernille
Personar med namnet Pernille
Kulturell bruk
- Den slagferdige tenestejenta Pernille i mange av Ludvig Holbergs komediar. Saman med tenaren Henrik er ho hovudperson i «Henrik og Pernille» (1724).
Kjende personar med namnet Pernille
Eit utval personar med namnet Pernille, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Pernille Anker (1947)
- Pernille Rygg (1963)
- Pernille Skipper (1984)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 465 kvinner i Noreg som hadde Pernille som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 84 jenter som fekk namnet Pernille.
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste namna med minst tre stavingar har utanlandsk opphav. I motsetning til namna på -a hadde nokre namn på -e ein topp tidleg på 1800-talet, til dømes Margrete, Malene, Helene og Johanne. Dette gjeld også Pernille, med topp 1805–19. Desse namna har så fått ein ny topp rundt år 2000.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Pernille var mest brukt i Hedmark og Sogn og Fjordane. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Pernile.)
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kruken, Kristoffer 1995: Kvinnenamn på -[nilde/-nille]. [Avdeling for namnegransking. Årsmelding 1994]. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.