Faktaboks

Per Henrik Ling
Pehr Henrik Ling
Fødd
15. november 1776
Død
3. mai 1839
Per Henrik Ling
Per Henrik Ling
Av /Projekt Runeberg 𝒲.

Per Henrik Ling var ein svensk gymnastikkpedagog og diktar. Han var opphavsmann til det svenske (lingske) gymnastikksystemet, der han søkte å ordne kroppsøvingane systematisk etter verknaden deira på dei ulike organas funksjon. Systemet fekk stor utbreiing over heile verda.

Ling utarbeidde òg sjukegymnastikk og militærgymnastikk. I 1813 oppretta han Gymnastiska centralinstitutet i Stockholm (frå 1993 Gymnastik- och idrottshögskolan). Skulen reknar seg i dag som den eldste idrettshøgskulen i verda.

Som diktar fekk Ling sitt gjennombrot med det episk-lyriske dikta Gylfe (1810), som behandlar Sveriges tap av Finland. I Asarne (8 songar 1816, fullført 1833 med 30 songar) ville han gi ei populær framstilling av Eddadiktene, og dessutan ei filosofisk tolking av dei. Som dramatikar skreiv han både lystspel og tragediar, oftast med nasjonalt emne. I 1859–65 blei Samlade arbeten gitt ut i 3 bind.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg