Peder er eit mannsnamn som er dansk form av Peter som kjem av latin Petrus med opphav i gresk Petros som er ei omsetjing av arameisk Kefa med tydinga ‘stein, berg, klippe’.

Namnet har fleire variantar: Peder, Peter, Petter.

Namnedag er 1. august. Petra har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Peder

Kulturell bruk

  • » Peder Paars» (1719–1720), komisk-episk dikt av Ludvig Holberg.

Kjende personar med namnet Peder

Eit utval personar med namnet Peder, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 912 menn i Noreg som hadde Peder som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 57 gutar som fekk namnet Peder.

Utvikling i bruk av namnet

Peder var mykje brukt på 1800-talet, og det låg som nummer 5 på ranglista både i 1805–1809 og 1830–1834. Deretter gjekk det jamt nedover med denne danske forma til eit botnnivå frå midten av 1900-talet. Ifølgje «Norsk personnamnleksikon» var Peder ofte ein skrivemåte av Per til og med 1800-talet, men rundt 1900 fekk Peder også innpass i talemålet. Kurva for Peder på 1800-talet inkluderer dermed mange belegg på talemålsforma Per. Peter var mest brukt midt på 1800-talet, og namnet skil seg ut frå hovudtyngda av dei bibelske mannsnamna ved at det ikkje fekk eit oppsving rundt år 2000. Petter, som er ei lydleg justering av Peter på norsk og svensk grunn, hadde den fyrste toppfasen i 1870-åra og den neste i 1990-åra.

Utvikling i bruk av namnet Peder frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Peder frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Peder på 1800-talet.

Peder var mest brukt i Møre og Romsdal og Troms. Skriftforma Peder kan i folketeljingane stå for uttaleforma Per.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Peder på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Peder var mest brukt i Møre og Romsdal og Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Peeder.) Skriftforma Peder kan i folketeljingane stå for uttaleforma Per.

Historisk bruk av namnet Peder
Historisk bruk av namnet Peder
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg