Faktaboks

Offisielt namn
República del Paraguay (spansk) Tetâ Paraguay (guaraní)
Norsk namn
Republikken Paraguay
Uttale
paraguˈay
Hovudstad
Asunción
Statsform
Republikk
Statsoverhovud
Santiago Peña
Landareal
397 300 km²
Totalareal
406 752 km²
Innbyggjartal
7,25 millionar (nasjonalt estimat, 2020)
Offisielt/offisielle språk
Spansk, guaraní
Religion
Katolsk kristendom
Nasjonaldag
14. mai
Mål og vekt
Metrisk
Valuta
Guaraní à 100 céntimos
Nasjonalsang
Paraguayos, República o muerte
Flagg
Riksvåpen
Paraguay, plassering
Paraguay (mørkegrønt) ligger i Sør-Amerika (lysegrønt).
Paraguay, plassering
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Plassering av Paraguay med naboland rundt, kart
Paraguay og naboland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Paraguay er ein republikk i Sør-Amerika, i innlandet utan kystlinje, med grenser til Bolivia i nord, Brasil i aust og Argentina i vest og sør. På grunn av den geografiske plasseringa på kontinentet, er landet kjent som «Sør–Amerika sitt hjarte». Befolkningstalet er på i overkant av 7,2 millionar per 2021, og hovuddelen av befolkninga bur i den sørlege delen av landet.

Namnet Paraguay har ikkje eit kjent opphav, men stammar truleg frå samansette ord frå guarní; para, 'store elv', og quay, 'som høyrer havet til'.

Opphavleg var Paraguay busett av guaranifolket, fram til landet blei spansk koloni på 1500-talet. Paraguay blei sjølvstendig republikk i 1811. I si historie som nasjonalstat har landet vore prega av autoritære styre og periodar med høg grad av politisk ustabilitet og uro. Ein demokratiseringsprosess ble innleia i 1989, men dei demokratiske institusjonane er framleis skjøre. Sjølv om Paraguay har vore eit av dei landa i Sør-Amerika med sterkast økonomisk vekst dei siste åra, har ikkje den nye velstanden kome befolkninga til gode. Landet slit med korrupsjon, fattigdom og høg arbeidsløyse. Likevel blei paraguayanarane kåra til den lykkelegaste befolkninga i verda i ei undersøking utført av FN i 2015.

Paraguay sin nasjonalsong er Paraguayos, República o muerte! ('Paraguayanere, republikken eller døden!').

Geografi og miljø

Paraguay (plasseringskart)

Paraguay

Av /KF-arkiv ※.
Saltos del Monday
Fossefalla Saltos del Monday er ein populær turistattraksjon.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Paraguay har eit landareal som er noko større enn Noreg. Den nord-sør gåande Paraguay-elva deler naturleg landet i to geografiske hovudregionar med ulik topografi og geologi. Oriental-regionen i aust (også kalt Paraneña-regionen) består av kupert terreng med fruktbart jordbruksland og skog. I den vestlege Occidental-regionen (også kalt Gran Chaco) ligg det tynt befolka området El Chaco, som er eit ugjestmildt slettelandskap med ei blanding av sumpområde, krattjungel og semi-ørken.

Klima i Paraguay går frå subtropisk til tropisk, og har ein våt og ein tørr sesong. Nedbørsmengdene varierer kraftig ulike stader i landet, med mest regn i den austlege Oriental-regionen. Det siste tiåret har Paraguay fått merke klimaendringane i verda, med ei auke i periodar med kraftig regnfall og store og øydeleggande flaumar.

Plantelivet i Paraguay varierer stort mellom dei to hovudregionane i landet. Dyrelivet i Paraguay er rikt. Landet har rundt 650 fugleartar, ulike reptilar og ein rik fiskefauna i elvene.

Folk og samfunn

Mennonittar (2012)
Mennonittiske jenter på vegen ved Nueva Durango, San Pedro, Paraguay. Mennonittane migrerte til Paraguay frå Mexico og Canada fra omkring 1926. Dei er blant landets største produsentar av meierivarer.
Asunción (2018)
Asunción, Paraguays hovudstad og største by, ligg ved elva Paraguay.
Av /Shutterstock.

95 prosent av befolkninga i Paraguay er av blanda spansk og guaraní avstamming. Både spansk og guaraní er offisielle språk. Den dominerande religionen i Paraguay er den romersk katolske.

Folketalet ble i 2021 rekna til i overkant av 7,2 millioner. Landet har ein ung befolkning med ein gjennomsnittsalder på 29,7 år (2020). Forventa levealder ved fødsel er 80,93 år for kvinner og 75,46 år for menn i følge tal frå 2021.

Befolkningstettleiken er låg, og busetnadsmønsteret særs ujamnt. Mesteparten bur i Oriental-region av landet, nær hovudstaden Asunción. Occidental-regionen, som utgjer 60 prosent av territoriet, er bustad for mindre enn 2 prosent av befolkninga. I eit historisk perspektiv har Paraguay hatt den lågaste urbaniseringsgraden blant dei latinamerikanske landa. Urbaniseringsgraden var på 62,5 prosent i 2021. Paraguay er eit av dei fattigaste landa i Sør-Amerika.

Stat og politikk

Mario Abdo Benítez
Mario Abdo Benítez blei president i Paraguay 15. august 2018.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Paraguay er ein konstitusjonell republikk. Landet fekk ny grunnlov i 1992 som skulle sikre demokratisk maktfordeling og sivile rettar. Presidenten er både statsoverhovud og regjeringsoverhovud med den utøvende makta. Presidenten blir vald for fem år av gongen, og kan ikkje velgast på ny. Paraguay har eit flerpartisystem, og dei tradisjonelt største politiske partia i landet er Coloradopartiet (ANR) og Dei liberale (PLRA).

Ved presidentvalet 21. april 2013 blei Coloradopartiet sin kandidat Horacio Cartes vald som ny president. Hans partifelle Mario Abdo Benítez vann valet i 2018.

Det paraguayanske forsvaret består av hæren, marinen og flyvåpenet. Paraguay sine internasjonale relasjoner har historisk sett vore nært knytt til USA.

Historie

Heimlause under trippelalliansekrigen (1867)
Trippelalliansekrigen var ein krig mellom Paraguay og alliansemaktene Brasil, Argentina og Uruguay i perioden 1864/1865–1870. Krigen er rekna som den blodigaste konflikten i søramerikansk historie, og medførte store menneskelege og økonomiske tap.
Alfredo Stroessner regjerte som diktator i Paraguay i perioden 1954–1989.
.
Lisens: fri

Opphavleg var guaranítalende folk utbreidd over et stort område med sentrum omkring Paraná med bielver i Paraguay. Området blei spansk koloni i 1537, då hovudstaden Asunción blei etablert. Paraguay erklærte seg som sjølvstendig nasjonalstat i 1811. Landet blei utover 1800-talet styrt av autoritære leiarar. Den første var José Gaspar Rodríguez de Francia, som omforma Paraguay til ein sjølvforsynt nasjon isolert frå omverda.

Trippelalliansekrigen (1865–1870) resulterte imidlertid i katastrofale økonomiske og sosiale konsekvensar for landet. Første halvdel av 1900-talet var prega av politisk uro med hyppige maktskifter og Chaco-krigen (1932–1935).

General Alfredo Stroessner tok makta ved statskupp i 1954, og styrte landet med jernhand fram til han blei avsett i 1989. Hendinga markerte ein overgang frå det som då var Latin-Amerika sitt eldste militærdiktatur til innføringa av demokratiske reformer. Tiåra etter har vore karakterisert av høg politisk ustabilitet i eit framleis skjørt demokrati.

Økonomi og næringsliv

Paraguay er eit utviklingsland med ein marknadsøkonomi karakterisert av ein stor uformell sektor. Jordbruk, småskalaindustri og handel er hovudnæringsvegar, kor tenesteyting per 2017 utgjorde den største sektoren med cirka 54,5 prosent av BNP. Jordbruksvarer står for om lag 65 prosent av landet sine eksportinntekter, hovudsakeleg soya og kjøt, mais, ris og korn, og økonomien er særs sårbar for svingningar i landbruksproduksjonen og prisar på det internasjonale markedet. 20,1 prosent av landets eksport er elektrisk kraft (2019).

I 2010 opplevde Paraguay ein økonomisk vekst på over 13 prosent, den største veksten blant landa i Latin-Amerika og tredje største i verda, hovudsakeleg på grunn av høge prisar på eksport av jordbruksvarer. Veksten i BNP var på 3,6 prosent i 2017.

Paraguay har slutta seg til det latinamerikanske frihandelssamarbeidet MERCOSUR.

Kunnskap og kultur

Takuapu (2021)
Urfolkskvinner spelar på takuapu, hule bambusrør som slippes rytmisk mot bakken, under ein protest for urfolks rettigheitar i Asunción i oktober 2021. Urfolket kjempar for å bli buande på dei tradisjonelle landområda sine.

Paraguay si kulturhistorie har element av både spansk og guarani kultur og tradisjon, uttrykt gjennom handverk, kunst, litteratur, musikk, mattradisjonar og ulike lokale skikkar.

Paraguay fekk sent sin eigen litteratur på grunn av urolege politiske tilhøve, og forteljarkunsten i landet kan først seiast å ha nådd eit høgare nivå med Gabriel Casaccia (1907–1980) og Nobelpris-nominerte Augusto Roa Bastos etter andre verdskrig. Paraguay har lange tradisjonar for teater.

Paraguayanske massemediar var under Stroessner-regimet underlagt streng sensur. Frå 1989 har landet hatt pressefridom, sjølv om denne retten i praksis framleis ikkje alltid blir respektert. På Reportere utan grenser sin World Press Freedom Index ligg Paraguay på ein 100. plass (2021). All presse er spanskspråkleg, det finst ikkje aviser på guaraní. Kringkastingsverksemda skjer både på spansk og guaraní. Dei siste åra har uavhengige, politiske internettaviser og bloggar blitt viktige alternativ til den tradisjonelle papirpressa.

Historisk sett har utdanningsystmet i Paraguay vore neglisjert, men har etter demokratiseringsprosessen tok til gjennomgått store endringar.

Paraguay og Noreg

Den bilaterale politiske og handelsmessige kontakten mellom Paraguay og Norge er sterkt avgrensa. Noreg har ingen ambassade i landet, men er representert i Paraguay ved ein honorær generalkonsul i hovedstaden Asunción. Paraguay har heller ingen ambassade i Noreg. Den næraste er å finne i Sverige, med sideakkredetering til Noreg.

Noreg importerte varer frå Paraguay til ein verdi av 480 000 amerikanske dollar i 2019. Eksport frå Noreg til Paraguay var på 1,6 millioner dollar. Den einaste norske verksemda i Paraguay er Fresco Norway S.A.

Norske bistandsmidlar til Paraguay var i 2015 om lag 6,7 millioner kroner. I 2021 budde 149 paraguayanske innvandrere og norskfødte barn med innvandrarforeldre i Noreg.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg