Othello er ein tragedie skriven av William Shakespeare rundt 1603. Det er eit mørkt og kontroversielt skodespel som handlar om sjalusi og misunning, psykologisk manipulasjon, rasisme, religion og drap.

Faktaboks

Originaltittel

Othello, the Moor of Venice

Uttale
othˈello

Handling

Stykket går føre seg i Venezia og på Kypros på slutten av 1500-talet, under sjøkrigane mellom det venetianske imperiet og det osmanske riket. Då dogen i Venezia får vite at osmanarane har invadert den venetianske kolonien på Kypros, sender han sin beste krigar, Othello, for å leie motangrepet.

Othello, som er ein middeladrande «moor», har rett før stykket byrja, gifta seg med Desdemona, dotter av ein framståande borgar av Venezia. Othello har også nett valt den boklærde Cassio til løytnant og personleg handlangar.

Den misunnelege Iago meiner han sjølv burde ha blitt Othellos høgre hand, og legg han for hat. Ved å manipulere både Roderigo (som lengtar etter Desdemona), Cassio, Othello og si eiga kone, Emilia, klarer han etter kvart å overtyde Othello om at Desdemona har vore utru mot han, noko som får katastrofale følger.

Struktur og tema i stykket

I likskap med Romeo og Julie har Othello trekk frå komedien, men der ein klassisk Shakespeare-komedie endar med at dei elskande får kvarandre mot alle odds, får vi her vite kva som skjer etter bryllaupet, når to ulike menneske skal leve saman i eit samfunn der det er krefter som vil øydelegge dei.

Den første akta byrjar med at Iago forklarar Roderigo kor mykje han hatar Othello. Roderigo, som er forgapt i Desdemona, delar dette hatet. Midt på natta vekkjer dei med høge rop Brabantio, far til Desdemona, for å gi han nyhenda om at ho og Othello har gifta seg i hemmelegheit. Dei brukar rasistisk og seksuelt krenkande språk i skildringane om kva Othello skal ha gjort med Desdemona, og vekkjer slik eit raseri i Brabantio mot Othello.

Brabantio vil ikkje ha han til svigerson fordi Othello er ein «moor», noko som på Shakespeares tid var eit generelt uttrykk for ein svart mann. Ordet tyder maurer på norsk, og det kan vere at han er tenkt til å vere nordafrikanar, men han kan også vere frå Levanten eller Afrika sør for Sahara. Othello ser i alle tilfelle annleis ut enn den gjengse italienar, noko Iago brukar som verkemiddel for å vende folk mot han.

Det blir ein kort konfrontasjon mellom Othello og Brabantio, men denne blir fort avbroten av ei større utfordring. Othello, som er ein røynd og høgt respektert general i Venezia, blir kalla inn til Dogepalasset og får der vite at han må rykke ut mot marinen frå det muslimske osmanske riket, som nett har invadert Kypros. Men då han kjem fram til Kypros etter ein storm, har den osmanske flåten gått ned med mann og mus. Samtidspublikummet ville forstått at dette er ein referanse til den Spanske Armadaen som skulle invadere England i 1588, men som ifølgje myten gjekk ned i eit uvêr sendt av Gud (i røynda blei den slått av den engelske marinen). Dette gjer det klart at religiøs konflikt er eit underliggande tema i skodespelet.

Akt to til fem går føre seg på Kypros. Her brukar Iago all sin vonde kreativitet og all den innsikta han har i menneskesinnet, til å setje folk opp mot kvarandre, sjølv om det er uklart kvifor han gjer dette. Han snakkar mykje om kvifor han hatar Othello, men han endrar stadig forklaring, og mange ulike tolkingar har blitt foreslått som forklaring på dette hatet.

Då venetianarane skal feire sigeren, sørger Iago for at Cassio, som ikkje tåler alkohol, blir skjenkt med mykje vin. Dette fører til at han blir valdeleg, sårar guvernøren av Kypros i eit basketak og slik mister sitt gode namn og rykte. Den slu Iago trøyster deretter Cassio og foreslår at kanskje Desdemona kan legge inn eit godt ord for han hjå Othello. Dette gjer at Cassio og Desdemona må møtest i det skjulte, som Iago utnyttar til å antyde at det er noko som går føre seg mellom dei.

Sjølv om han er ein meister i psykologisk manipulasjon, som kan ymte om noko og så la den sjalu Othello spinne si eiga paranoide historie, og sjølv om han jobbar lenge med saka, har Iago likevel ikkje nok materiale til å overtyde Othello om utruskap. Othello stolar ikkje på ord åleine, men krever synleg prov («ocular proof») på at Cassio og Desdemona går bak ryggen hans.

Heldigvis for Iago har han ei kone, Emilia, som tener Desdemona. Desdemona har fått eit lommetørkle av Othello som ho mister og Emilia plukkar opp. Iago tek det frå Emilia og sørgar for at det kjem Cassio i hende. Etter dette er det berre å sikre seg at Othello ser Cassio med lommetørkleet på rett tidspunkt og halde fram med manipuleringa.

Othello er ein krigar utan erfaring med kvinner, og han har ein hang til sjalusi og aggresjon. Den sterke sjalusien og «beviset» med lommetørkleet gjer at han bestemmer seg for å drepe Desdemona. I den femte akta går han til soverommet og kveler ho på senga dei deler.

Samstundes får Iago også Roderigo til å tru på at Cassio elskar Desdemona. Roderigo går til angrep på Cassio med sverd og sårar han alvorleg før han sjølv blir drepen av Iago.

Emilia oppdagar drapet på Desdemona og tilkallar hjelp. Iago kjem til, i lag med guvernøren og fleire andre. Emilia, som har vore involvert, legg saman to og to, og før Iago stikk ho ned, klarer ho å røpe korleis det heile heng saman: at alt som har skjedd er Iago sitt verk.

Til slutt held Othello, som no skjønar at han har blitt ført bak lyset, ein tale der han samanliknar seg sjølv med ein muslimsk soldat han ein gong drap på slagmarka, før han tek livet av seg med ein dolk. Sjølv om dei overlevande pressar Iago for å få svar på kvifor han har gjort så mykje skade, nektar han å svare, og stykket endar utan noko oppklaring.

Tolkingar

Othello har blitt sett som både rasistisk og antirasistisk. Som eit stykke som tek opp vonde og brutale tema, vil det alltid spegle haldningar og vekke reaksjonar i den tida og det samfunnet der det blir framført og lese. Ulike versjonar vil legge vekt på ulike dimensjonar av stykket, og måten det blir spelt på, har stor innverknad på korleis publikum vil tolke det.

På den eine sida kan ein hevde at stykket er antirasistisk fordi Iago heilt klart er antagonisten i stykket og det viser kva slags skadeverknadar rasisme har i eit samfunn. På den andre sida er mange uroa over Iago sin påstand om at svarte menneske er lettare å manipulere enn kvite («these moors are changable in their wills»). Som skodespelaren Hugh Quarshie har hevda, kan stykket verke rasediskriminerande i sceneframføringar viss Othello let seg lure for lett og for raskt.

Othello viser at både kvite og svarte lar seg lede av den som er kynisk nok, men andre moment ved tragedien vil alltid vere problematiske og potensielt sjokkerande. Scena der Othello kveler Desdemona på ektesenga deira, er ei spesielt stor utfordring for dagens regissørar, og den blir ikkje alltid vist.

Stykket handlar også om religiøse og politiske konfliktar. Tilhøva mellom kristne og muslimar blir implisitt samanstilt med relasjonen mellom protestantar (England) og katolikkar (Spania). Namnet Iago er knytt til den spanske nasjonalhelgen St. Iago, som fekk tilnamet «Matamoros» etter at han i følgje ein legende var med på å drive maurarane ut av Spania på 800-talet. Også andre namn, som Roderigo, er spanske heller enn italienske.

Kjelder, tekst og kontekst

Som alle Shakespeare-stykke har Othello ei mengd referansar til andre litterære tekstar samt samtidige og historiske hendingar. Storparten av handlinga og fleire av karakternamna er henta frå ei novelle i den italienske forfattaren Giraldi Cinthios Hecacommithi (1565), kalla «Mauraren i Venezia». Shakespeare fann også (utdatert) informasjon om Afrika i Leo Africanus og andre kjelder.

Under Elisabet 1., som var dronning 1558–1603, var det relativt tette band mellom den muslimske verda og England når det gjaldt handel og politisk kontakt fordi dei hadde ein felles fiende i det katolske Spania. Blant anna var der ein maurisk ambassadør i hoffet til Elisabet frå 1600–1601. Jakob 1. blei konge i England og Skottland i 1603, og med han blei det meir avstand og fiendskap mellom England og den muslimske verda. Othello var skrive i 1601–1604 og framført i 1604 i denne overgangsperioden og reflekterer eit ambivalent forhold til nasjonane og religionane rundt Middelhavet.

Othello blei publisert ganske seint, først som enkelttekst i 1621 (kalla Q1) og i samleutgåva som kom i 1623, The First Folio (kalla F). Begge utgåvene kom ut etter at Shakespeare døydde, men dei er ulike. Som Leah Marcus har peika på, er det fleire av dei aspekta vi i dag vil sjå på som rasistiske, i F enn i Q. Korleis tragedien framstiller rase, kjem altså an på kva versjon ein legg til grunn.

Othello på scene og film

Fram til 1800-talet (og ofte etterpå) var det vanleg at kvite skodespelarar framførte Othello med mørk teatersminke, såkalla blackface. Den første Othello av afrikansk avstamming var Amerikanaren Ira Aldridge som flytta til England grunna diskriminering av svarte skodespelarar i USA og spelte Othello i London frå og med 1820-talet. Seinare har blant andre Paul Robeson, James Earl Jones og Laurence Fishburne hatt suksess med rolla, men også kvite skodespelarar har halde fram med å gestalte Othello til langt inn i vår eiga tid. Laurence Olivier, for eksempel, spelte Othello på film i 1965, medan borgarrettsrørlsa kjempa for svarte sine rettar i USA. Ein kunne finne kvite skodespelarar som Anthony Hopkins i rolla så seint som på 1980-talet.

Othello kom på film alt i 1922, i ei tysk stumfilmutgåve regissert av Dimitri Buchowetzki. Orson Welles adapterte og regisserte i 1951 ein versjon innspelt over tre år i Venezia, Toscana og Roma. Han spelte også tittelrolla, med Micheál Mac Liammóir i rolla som Iago og Suzanne Cloutier som Desdemona. Versjonen til den sovjetrussiske regissøren Sergej Jutkevitsj frå 1955 vann gullpalmen i Cannes året etter. Filmen til Olivier, regissert av Stuart Burge, kom som nemt i 1965. Maggie Smith hadde rolla som Desdemona, medan Frank Finlay spela Iago. Anthony Hopkins regisserte og spelte hovudrolla i ei BBC-utgåve frå 1981, med Penelope Wilton som Desdemona og Bob Hoskins som Iago.

Det blei etter kvart slutt på at kvite skodespelarar tok tittelrolla i dette stykket. Av nyare filmversjonar finn vi John Kani som Othello i ein TV-versjon frå 1989, regissert av Janet Suzman; Laurence Fishburne i ei kinoutgåve frå 1995 i regi av Oliver Parker, der han spelar mot Kenneth Branagh og Irene Jacob; og filmen O frå 2001 i regi av Tim Blake Nelson, med Mekhi Phifer, Julia Stiles og Josh Hartnett i dei viktigaste rollene.

Othello i musikk, kunst og teikneseriar

Både Gioachino Rossini (1816) og Guiseppe Verdi (1887) har skrive operaverk ved namn Otello. Antonín Dvořák skreiv sin Othello-ouverture (Op. 93, B. 174), i 1892. Rockemusikalen Catch My Soul frå 1967/1968, filmatisert i 1974, er også basert på Othello.

Samanlikna med andre Shakespeare-skodespel har Othello hatt liten kunsthistorisk innverknad, men stykket finst i mange illustrerte utgåver heilt tilbake til 1709. Det eksisterer også mange andre adaptasjonar av Othello i biletbøker, prosa og teikneseriar. Den grafiske roman-utgåva til Oscar Zarate frå 1985 er ein av dei første uavkorta teikneserieutgåvene av eit Shakespeare-skodespel. Othello kom også i manga-utgåve både i 2008 (Ryuta Osada og Richard Appignanesi) og 2021 (Julien Choy og Crystal S. Chan).

Norske omsetjingar

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brotton, Jerry. This Orient Isle: Elizabethan England and the Islamic World. Allen Lane, 2016.
  • Bullough, Geoffrey. Narrative and Dramatic Sources of Shakespeare. Vol.7. Routledge, 1973.
  • Honigmann, E.A.J. (red). Othello, av William Shakespeare. Methuen-Arden, 1997.
  • Marcus, Leah. “The Two Texts of Othello and Early Modern Constructions of Race”, in Textual Performances: The Modern Reproduction of Shakespeare's Drama. Red. Lukas Erne og Margaret Jane Kidnie. Cambridge UP, 2004, ss. 21-36.
  • Neill, Michael (red). Othello, av William Shakespeare. Oxford UP, 2006.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg