Faktaboks

Oskar Stein Bjørlykke

Oskar Stein Dalen Bjørlykke

Fødd
4. desember 1939, Fitjar på Stord, Vestland
Oskar Stein Bjørlykke.
Av /Samlaget.

Oskar Stein Bjørlykke er teolog, lærar og prislønt forfattar av ei lang rekkje bøker for barn og vaksne. Han skriv naivistisk om sanseopplevingar til barn, som ofte er hovudpersonar i bøkene.

Bakgrunn

Oskar Stein Bjørlykke er fødd i FitjarStord i Hordaland (no Vestland). Bjørlykke er utdanna teolog frå Menighetsfakultetet og har mellom anna undervist i kristendom i mange år. Han var litterær rådgivar i arbeidet med omsetjinga av Bibelen i 2009–2011. Bjørlykke var leiar av organisasjonen Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere 1979–1981.

Forfattarskapen

Bjørlykke debuterte i 1966 med diktsamlinga Deg høyrer dagen til og har ein stor og mangfaldig produksjon av meir enn 40 bøker i mange sjangrar: romanar, noveller, dikt, forteljingar, barnebøker, bønnebøker, andaktssamlingar og musikkspel.

Den omfattande forfattarskapen hans har ikkje fått stor merksemd i media, men Bjørlykke har nådd ut til mange lesarar. Fleire av bøkene har utgangspunkt i hans eigen oppvekst. Han blir gjerne gruppert i den sentrale kjernen av Sunnhordlandsdiktarar, og sentrale tema i diktinga hans er tidlause spørsmål og forholdet til Gud og historia. Språket hans er lyrisk, enkelt og varsamt.

Bjørlykke er oppteken av ulike konfliktar menneska har med seg sjølve, av tru og tvil, mann og kvinne, tradisjon og modernitet. Han skriv enkelt, med ei audmjuk tilnærming til menneska og miljøa han skildrar. Forfattaren er kritisk til utviklinga i samfunnet, og han skildrar bygdesamfunnet på ein positiv måte, likevel utan at målet er å finne tilbake til det gamle livet der.

Barnelitteratur

Bjørlykke har skrive mange diktsamlingar for barn. Den modernistiske skrivemåten i barnelyrikken som han representerer, slo for alvor gjennom i 1980-åra. Den første var Hallo mamma! (1980), så kom Det dirrar slik (1989) og Ute – inne, ute – inne (1995). Alle tre er samlingar med kortdikt som har kvardagslege situasjonar som utgangspunkt. Biletdikta i Hallo mamma! er sansedikt der ein kjenner att konkrete opplevingar.

Tusen gonger tusen (1997) er ei samling med episke dikt, i Hendene i vêret! (1998) følgjer vi gutungen Finn som gjennomgår store endringar i livet sitt, og Den dagen (2001) skildrar korleis sju år gamle Inger blir forma av motgang og glede. Diktsamlinga Hoppe i havet (2007) handlar om dei store tinga i dei små.

Bjørlykke har òg skrive novellesamlingane Godt mot (1984) og Gler meg (1986). Forteljinga Kom til Dammen! (2003) handlar om venskapen mellom to gutar som veks opp i ei bygd på Vestlandet under andre verdskrigen. Skrivemåten er naivistisk, barnet si oppleving står i sentrum, og forfattaren lèt eit «eg» oppleve og tolke. Bjørlykke skriv nyenkel poesi med bevisst bruk av verkemiddel i tekstar med mange lag. Han går inn i korleis barn tenkjer og sansar, og kjensler og den individuelle opplevinga er òg viktig. Innsikt og attkjenning er nøkkelord for tekstane hans, og han forenklar og tilnærmar det poetiske språket sitt til daglegspråket.

Lyrikk og prosa for vaksne

Bjørlykke debuterte i 1966 med diktsamlinga Deg høyrer dagen til, og seinare kom ei rekkje diktsamlingar, mellom anna Breviarium (1979) og Bakken (2006). I Brevarium er dikta forma som monologar skildra med varme og intimitet. Dikta hans er ofte utforma som visdomsord eller aforismar, dei er kvardagslege og enkle, med humor og ironi. Jan Ove Ulstein og Jan Inge Sørbø var redaktørar for Diktet lyser i kvelden (2009), dikt i utval, som blei gitt ut i samband med 70-årsdagen til Bjørlykke.

Han har gitt ut mange romanar, og debutromanen var Reise til september (1968). Delvis sjølvbiografiske oppveksthistorier med barn i hovudrollene finn vi i Huttiheito (1972), Lasse Li (1975), Presta-Svein (1989), Agape (1992) og Sally (1994). Også desse bøkene skildrar miljøet i vestnorske bygdesamfunn etter andre verdskrigen, og her er synsvinkelen lagd til personane han skriv om.

Religiøse tekstar

Bjørlykke har gitt ut fleire religiøse tekstar for barn og vaksne. Ord i bønn (1973), Fadervår (1992) og Perlekransen (2006) er bønebøker. Han var redaktør for Denne vanlege epistelen. 13 brev om tru (1981). Han har òg omsett bibelhistorier for barn. Han var òg litterær rådgivar i arbeidet med omsetjinga av Bibelen 2009–2011.

Utmerkingar

Bjørlykke fekk Samlagsprisen i 1995, Kulturdepartementets spesialpris for barne- og ungdomslitteratur i 1999 for Hendene i veret (1998), Kritikarprisen for forteljinga Kom til Dammen! i 2003 og Falturiltu-prisen i 2007.

Bibliografi

  • Her går vi (Lyrikk, Verbum, 2020)
  • Blikket (Noveller, Samlaget, 2019)
  • Hans Klure (Lyrikk, 2015)
  • For deg (Lyrikk, Samlaget, 2014)
  • Vår tid (Roman, Samlaget, 2012)
  • Engelen (Lyrikk, IKO-forlaget, 2006)
  • Bakken (Lyrikk, Samlaget, 2006)
  • Hanni (Barnebok, Samlaget, 2005)
  • Han Tolle (Roman, Samlaget, 2004)
  • Kom til Dammen! (Barnebok, Samlaget, 2003)
  • Himmel med måne i ne (Roman, Samlaget, 2002)
  • Den dagen. Dikt og forteljing (Lyrikk, Samlaget, 2001)
  • Dropar (Prosa, Samlaget, 2000)
  • Hendene i vêret! (Barnebok, Samlaget, 1999)
  • Tusen gonger tusen (Lyrikk for barn og ungdom, Samlaget, 1997)
  • Skrift (Roman, Samlaget, 1997)
  • Den tid den sorg (Roman, 1996)
  • Ute – inne, ute – inne (Dikt for barn, 1995)
  • Kongen og 33 andre forteljingar (Roman, 1995)
  • Sally (Roman, 1994)
  • Agape (Roman, 1992)
  • Ansikt (Lyrikk, 1990)
  • Presta-Svein (Eventyr, 1989)
  • Det dirrar slik (Barnebok, 1989)
  • Marie (Roman, 1987)
  • Gler meg (Barnebok, 1986)
  • Godt mot (Barnebok, 1984)
  • Forklåringar (Lyrikk, 1984)
  • Fredsdalen (Barnebok, 1982)
  • Hallo, mamma (Barnebok, 1980)
  • Brevarium (Lyrikk, 1979)
  • Lasse Li (Eventyr, 1975)
  • Hans Klure (Lyrikk, 1974)
  • Alfen og meg (Barnebok, 1974)
  • Ord i bønn (Lyrikk, 1973)
  • Huttiheito (Eventyr, 1972)
  • Futurum I (Lyrikk, 1970)
  • Reise til september (Roman, 1968)
  • Deg høyrer dagen til (Lyrikk, 1966)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, Tone ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 2005
  • Birkeland, Tone, red.: Å skrive for barn, 1982
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie. Oslo 1998
  • Ruste, Arne: Mest mellom himmel og jord: essays [...], 2002, 131-43
  • Sørbø, Jan Inge: «'Teikna mine er i rørsle no'» i NLÅ 1984, 57-69

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg