Faktaboks

Ole Rømer
Ole Olaus Christensen Rømer
Fødd
25. september 1644
Død
19. september 1710
Ole Rømer

Ole Rømer. Litografi etter koparstikk av Johann Georg Wolfgang.

Av /NTB Scanpix ※.

Ole Rømer var ein dansk astronom, fysikar og teknikar. Han er mest kjend for å vere den første i historia som gjennom målingar påviste at farten til lyset ikkje er uendeleg.

Biografi

I 1671 reiste han til Paris, der han oppheldt seg i ti år som medlem av Akademiet og som astronom ved Parisobservatoriet. I 1676 blei han professor i matematikk i København (tiltredde først i 1681), i 1705 blei han politimeister og borgarmeister.

Virke

Reformer og meridianobservasjonar

Rømer fann opp både meridiansirkelen, altasimuten og dei første gatelysa i København. Han gjennomførte òg ei mengd praktisk-tekniske reformer, mellom anna når det gjaldt måleininga fot i Danmark. Dei verdifulle handskrivne meridianobservasjonane hans gjekk tapt under brannen i København i 1728. Berre observasjonane hans frå 21.–23. september 1706, Tredagers arbeide (Triduum), er bevarte.

Lysfarten

Då Rømer i 1676 oppdaga at farten til lyset ikkje var uendeleg, arbeidde han eigentleg med noko heilt anna ved Parisobservatoriet. Han jobba då med å kartleggje formørkinga til ein av Jupiters månar, Io, i skuggen av Jupiter. Observasjonane viste at tida mellom kvar formørking var lengre enn forventa når Jorda flytta seg lenger vekk frå Jupiter, og kortare enn forventa når Jorda flytta seg nærmare Jupiter. Rømer konkluderte frå dette med at lysfarten ikkje kunne vere uendeleg. Christiaan Huygens, som Rømer hadde brevkontakt med på den tida, brukte i 1678 dataa til Rømer og berekna lysfarten til å vere omtrent 212 000 kilometer per sekund. Dette svarer til omtrent 71 prosent av lysfarten slik vi kjenner han i dag (definert i 1983).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg