Faktaboks

Agmund Berdorsson Bolt

Ogmund Berdorsson Bolt

Fødd
1345
Død
1419
Levetidskommentar
omtrentleg fødsels- og dødsår, arveoppgjer 1422
Verke
Riddar, riksråd og høvedsmann
Familie

Foreldre: Faren var Berdor Kolbeinsson (nemnd 1357–1370); mora er ikkje kjend.

Gift ca. 1380 med Gunhild Bergsveinsdotter (ca. 1355–etter 1422), dotter til Bergsvein Bårdsson (ca. 1315–ca. 1361) frå Gudbrandsdalen og Gudrun(?) Guttormsdotter (ca. 1320–ca. 1370). Farbror til Amund Sigurdsson Bolt (1400–1465).

Agmund Berdorsson Bolt var ein norsk riksråd og høvedsmannAkershus slott. Han var aktiv i rikspolitikken frå rundt 1380 til noko etter etableringa av Kalmarunionen i 1397. Ved arv og oppkjøp fekk han hand om mykje jordegods, og han utnytta dei flytande tilhøva etter svartedauden til å driva ein målmedveten arronderingspolitikk. Han stod dronning Margrete nær.

Bakgrunn

Agmund Berdorssons farfar, Kolbein, budde på Flesberg i Våler og er nemnd i 1333. Han er sjølv ikkje omtala med Bolt-namnet, og av hans tre søner Sigurd, Berdor og Aslak var det berre den sistnemnde som skreiv seg Bolt. Til same ætta høyrde erkebiskop Aslak Harniktsson Bolt, son til Aslak Kolbeinssons dotter Sigrid, og opprørsleiaren Amund Sigurdsson, som var brorson til Agmund Berdorsson.

Riksråd og høvedsmann

Agmund Berdorsson er første gong omtala i brev frå 1370, og 11 år seinare hadde han kome inn i riksrådet. Frå no av og framover til 1405 høyrde han til den fremste krinsen av adelsmenn i Noreg, jamvel om han i byrjinga berre hadde væpnarstatus. I 1387 utferda han brev som syslemann i Borgarsysle (han hadde nok hatt sysla i nokre år då), og ikkje lenge etter vart han plassert i den viktige stillinga som høvedsmannAkershus. Det har vore rekna med at han fekk riddarslagetkroningsmøtet i Kalmar i 1398. Han er rett nok omtala som herr Agmund Bolt alt i 1389, då han var med i følgjet til den utvalde kong Erik på veg til hyllingsmøtetØyratinget, men brevet som omtalar dette, er referert i eit brev frå så sein tid som 1440.

I 1405 vart herr Agmund utan forvarsel fjerna frå stillinga som høvedsmann, og riddaren Eindride Erlendsson, som tidlegare hadde tenestegjort ved hoffet, vart innsett i staden. Det var eit av dei tiltaka dronning Margrete gav den unge kong Erik instruks om å gjennomføra på reisa si til Noreg dette året. Dette kan ikkje tolkast som mistillit til herr Agmund, men meir som eit uttrykk for at dronninga sjølv ville ha kontrollen. Utskiftinga gjekk inn i eit mønster med nye menn i høge stillingar, og Agmund Berdorsson var på den tid ein mann på ca. 60 år.

Godseigar

Agmund Berdorsson var ein godsrik mann. Hovudtyngda av jordegodset låg i Borgarsysle, der hovudgardane var Tomb i Råde og Mosseros i Våler, men han hadde også eigedom i Hurum (hovudgarden Tronstad), i Vestfold og andre austlandsbygder. Han hadde sjølv arvegods og fekk mykje i tillegg då han gifte seg, dessutan dreiv han livet igjennom ein aktiv oppkjøps- og arronderingspolitikk.

Arveoppgjeret etter herr Agmund vart halde i 1422, og han var då truleg død to eller tre år tidlegare. Enka levde enno, men ho er ikkje nemnd seinare.

Etterkomare

Herr Agmund og fru Gunhild hadde sonen Håkon og dottera Borghild. Håkon Agmundsson (ca. 1385–etter 1438) var væpnar og riksråd, og var gift med ei svensk adelsdame, Elin Laurensdotter av Aspenäs-ætta; ho vart seinare gift med riksråd Einar Olavsson Fluga (død 1483). Også dottera Borghild vart gift med ein utlending, den tyskætta Herman Molteke (død før 1472). Han er kjend som bondeplagar då han hadde Skaun i Borgarsysle i forlening i 1420-åra, og vart jaga frå bygda i 1428. Men han miste ikkje lenet sitt og ser seinare ut til å ha vorte godteken også av bygdefolket. I eit brev frå omkring 1450 er han omtala som riddar. Han og fru Borghild hadde Tomb i Råde som hovudgard.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bugge, Alexander: Norges historie fremstillet for det norske folk (NHfNF), bind 3, del 1, 1915
  • Bull, Edvard: biografi (Agmund Bergtorsson) i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 2, 1925
  • Sollied, Henning: «Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. II. Bolt», i Norsk slektshistorisk tidsskrift (NST), bind 7, 1940, s. 26–65, 261–285 og 289–309
  • Leistad, Geirr: «Nesøya og nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig ny tid», i Asker og Bærum Historielag. Skrifter nr. 37, 1997, s. 311–346
  • Bjørkvik, Hallvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Diplomatarium Norvegicum (DN) bind 1 nr. 469, bind 2 nr. 501, bind 3 nr. 477, 484, 760, bind 4 nr. 582, bind 6 nr. 338, bind 11 nr. 110, bind 18 nr. 34, bind 21 nr. 292. I tillegg fleire brev om gardhandlar, makeskifte og anna i DN bind 1–12 og 16
  • Norges gamle Love (NgL), rekke 1, bind 3 og rekke 2, bind 1
  • Akershusregisteret af 1622, utgitt av Gunnar Tank, 1916

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg