Nærøyfjorden
Nærøyfjorden er ei 19 km lang arm av Sognefjorden.
Nærøyfjorden
Nærøyfjorden er teke inn på Unescos verdensarvliste.

Nærøyfjorden er ein trong, 19 kilometer lang fjord i Aurland kommune i Vestland fylke.

Fjorden går frå Aurlandsfjorden, ein arm av Sognefjorden, mot sørvest inn mellom høge, stupbratte fjell. Steganosi i sør er 1761 meter over havet. Beitelen er eit kjent kjennemerke ved inngangen til Nerøyfjorden. Ein rundar den på veg inn frå Aurlandsfjorden til Nerøyfjorden. Like sør for Bakka er fjorden ikkje eingong 500 meter brei, og avstanden mellom toppane av Bakkanosa (1398 meter) og Vindegga (1295 meter) på kvar side av fjorden berre 3 kilometer. Nærøyfjorden går vidare inn til Gudvangen.

Til fjordbotnen renn Nærøydalselva, som kjem frå Jordalselva, Brekkedalselva og Stalheimselva. Det er fleire fossar i fjordsidene. Nærøydalen er framhaldet av fjorden mot sørvest og fører opp mot Stalheimskleiva.

Eit område av Nærøyfjorden vart saman med ein del av Aurlandsfjorden i 2005 innlemma i UNESCOs Liste over kultur- og naturarven i verda. Området utgjer saman med Geirangerfjorden døme på fjordlandskap.

Nærøyfjorden landskapsvernområde inkluderer ikkje berre sjølve fjorden, men òg fleire unike fangstanlegg for reinsdyr i dei omkringliggjande fjella, slik som på Tuftafjellet og Handadalseggi, der dei einaste stadfesta dyrestupa for rein i ligg, i tillegg til Noregs nest største bågestille-anlegg.

Kart

Nærøyfjorden
Nærøyfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg