Nord-Irland frå 1920 til i dag

1920

Government of Ireland Act. Britane vedtok deling av øya

1921-1972

Eittpartistyre under Ulster Unionist Party og Orangeordenen. Oppbygging av militariserte politistyrkar, vedtak av autoritære unnatakslover og tilpassing av valordningane til unionistpartiet sine interesser i 1920-åra

1971-1972

Britiske soldatar internerer i stort omfang og drep sivile i Vest-Belfast og i Derry. Drastisk auke i valdsbruk frå IRA og lojalistar.

1973-1974

Sunningdaleavtala. Forsøk på maktdeling og på å gje irske styresmakter ei rolle. Torpederast av unionistisk massemoblisering og valdsbruk.

1981

Sveltestreikar frå fengsla medlemer i IRA og INLA vert startpunktet for ein ny delt strategi: Armalite (våpen) og røystesetel. IRA-mannen Bobby Sands vert vald som MP medan han sveltestreikar. Dette er startpunktet for Sinn Féin sin framvekst som parti med masseoppslutnad.

1985

Hillsboroughavtala møter massiv motstand frå unionistane

1998

Langfredagsavtala (1998) leier i løpet av få år til at dei to ytterpartia Democratic Unionist Party og Sinn Féin vert størst på unionistisk og nasjonalistisk side 

2001

Politireform: Royal Ulster Constabulary vert til Police Service of Northern Ireland

2001-2005 og 2009-2010

Republikanske og lojalistiske paramilitære vert avvæpna

2006

St. Andrews-avtala: Ei vidareføring og nokre endringar av Langfredagsavtala.

2021-2023

Fleire med katolsk enn med protestantisk bakgrunn (2021), Sinn Féin største parti i valet til det nordirske parlamentet (2022) og i lokalvala (2023)

Nord-Irland vart eiga politisk eining i Det foreinte Kongeriket Storbritannia og Nord-Irland då britane delte Irland i 1921. Både lenge før og i tida etter har området vore sentrum for valdeleg og politisk konflikt om engelsk/britisk kolonisering og om dei maktforholda denne skapte. Særleg kjend er den tretti år lange konfliktperioden «the troubles», då nesten 4000 personar mista livet fram til langfredagsavtala (1998). Avtala normaliserte Nord-Irland, og reduserte paramilitær og statleg valdsbruk sterkt. Det er likevel skarp usemje om Nord-Irland bør vera del av Det foreinte Kongeriket eller del av eit samla og sjølvstendig Irland, og det finst ikkje noko ålment godteke forteljing om konfliktane om og i Nord-Irland.

«Nord-Irland» før delinga av Irland

Opprørsleiaren Phelim Roe O'Neill
Phelim Roe O'Neill (1604-1653) leiaren for antikoloniseringsopprøret i Ulster i 1641.

Hovdingane i landsdelen Ulster var den sterkaste hindringa for engelske interesser i Irland i lang tid etter den fyrste koloniseringa frå åra etter 1169. Dei gjorde opprør frå 1594 til 1603, men tapte og flykta frå Irland i 1607. Etter det fordreiv tilflytta engelske og skotske protestantar irske katolikkar frå store landområde. Det fyrste større opprøret mot settlarkoloniseringa kom i 1641–1642. Opprørarane tok kontroll over store delar av Ulster og drap og fordreiv settlarar, til dømes i Portadown i dagens Nord-Irland. Oliver Cromwell og den engelske parlaments-hæren slo brutalt tilbake då dei massakrerte og tvangsflytta katolske irar til skrinne jordbruksområde i 1649–1650. Protestantisk kontroll vart sikra då Wilhelm 3. sigra over den katolske tronrivalen Jakob 2. av England og Irland ved Boyne-slaget i 1690. Dette vert feira kvart år 12. juli i paradane til Orangeordenen, særleg i Nord-Irland.

Frå slutten av 1600-talet vart religiøse straffelover innførde. Settlartilflytting, fordriving og straffelover knytte økonomisk og sosial status og politisk posisjon tett saman med religion. Det gjaldt også etter at lovene vart oppheva frå 1771 og utover 1800-talet. Busetnads- og konfliktmønster som då var fastfrosne, har vore viktige i Nord-Irland fram til i dag.

United Irishmen og Orangeordenen

11th bonfire med klårgjering for flaggbrenning

Her er det irske flagget klårt til brenning på tradisjonell "11th bonfire," kvelden før Orangeordenen marsjerer til minnet om slaget ved Boyne 12. juli 1690.

Organisasjonen United Irishmen kan reknast som tidleg forløpar til Irish Republican Army, og vart skipa i Belfast i 1791. Dei var sekulære, og ville samla katolikkar og protestantar i motstand mot britisk styre. Blant leiarane var mange protestantiske dissentarar, særleg presbyterianarar. Motreaksjonen – Orangeordenen – vart skipa i grevskapet Armagh i 1795. Opprøret frå United Irishmen i 1798 fekk støtte frå franske revolusjonære, men lei nederlag og leiarane vart avretta. Britane vedtok då Act of Union og skipa Det foreinte kongeriket Storbritannia og Irland frå 1801. Etter dette bidrog Orangeordenen sterkt til at alle protestantiske retningar vart samla i ein unionistisk fellesskap.

Etnisk konflikt, hungersnaud og angst for heimestyre

Famine window, Belfast City hall
Glasvindauga i Belfast City hall til minne om ofra for hungersnauda i Belfast i 1846-1848.
Famine window, Belfast City hall
Av /Løyve frå Belfast city council v/Caroline Dixon.

Det industrialiserte Belfast vart kjerneområde for valdeleg etnisk konflikt på 1800-talet. Då den fyrste lova om heimestyre for Irland vart diskutert og avvist i 1886, vart det samanstøytar mellom protestantiske og katolske verftsarbeidarar. Unionistane feira avvisinga av heimestyre med åtak mot bustadområde og andre eigedomar.

Hungersnauda i Irland reduserte folketalet i Ulster med om lag 340000 (16 prosent) frå 1845 til 1851. Store landeigarar nekta å letta børene for dei som dreiv jorda, og nauda og flukta til byane gjorde at sjukdomar som dysenteri, tyfus og kolera spreidde seg. Den store utvandringa til USA som hungersnauda leidde til, kan forklåra engasjementet frå amerikanske politikarar med irsk-amerikansk opphav for politiske løysingar på konfliktane om Nord-Irland fram til våre dagar.

Det mislukka Fenianaropprøret frå Irish Republican Brotherhood (IRB) i 1867 og det aukande presset for heimestyre frå 1870-åra, gav uro blant unionistane. I 1891 vart Irish Unionist Party skipa, og i 1905 vart partiet til Ulster Unionist Party (UUP) i den nordlege landsdelen. UUP og Orangeordenen hadde overlappande medlemsmasse.

Fram mot utskiljing av Nord-Irland

Leiaren for Ulster Unionist Party skriv under Ulsterpakta 28. september 1912
Unionistane mobiliserte mot heimestyre. På biletet skriv Edward Carson (1854-1935), leiar for Ulster Unionist Party (1911-1921), under Ulsterpakta i Belfast City Hall 28. september 1912. Til høgre for han står James Craig, som seinare vart fyrste statsminister for Nord-Irland frå 1921.

Frå 1912 mobiliserte unionistane mot heimestyre, 237000 menn skreiv under Ulsterpakta og om lag like mange kvinner skreiv under opprop. Førebuing til væpna strid pågjekk frå januar 1913 då Orangeordenen og UUP skipa Ulster Volunteer Force. UVF smugla inn 25 000 våpen til hamnebyar nær Belfast i 1914. Heimestyre vart vedteke hausten 1914, men fyrste verdskrigen utsette iverksettinga. I 1916 organiserte irske republikanarar påskeopprøret, hovudsakleg i Dublin. I det seinare Nord-Irland møtte 132 menn frå Belfast til opprør i Coalisland, men der kom det ikkje til strid. Opprøret forsterka unionistisk uro for sjølvstende, og avrettinga av opprørsleiarane bidrog til ei nasjonalistisk sympatibylgje.

Sjølvstendepartiet Sinn Féin vart klårt størst ved valet i 1918. Unnataket var landsdelen Ulster, der Ulster Unionist Party var dominerande. Dette og frigjeringskrigen mellom Irish Republican Army (IRA) og britane 1919–1921, viste at det var uråd å halda heile Irland som koloni. I 1920 vedtok britane Government of Ireland Act. Då vart Irland delt og Nord-Irland vart avgrensa til seks av ni Ulstergrevskap, men unionistar har likevel ofte nytta namnet Ulster om Nord-Irland. Nord-Irland var det største området der unionistane kunne pårekna fleirtal over tid, og fekk eige parlament våren 1921. Resten av øya vart til Fristaten Irland, som vart fullt sjølvstendig republikk i 1949. Delinga utløyste ein brutal borgarkrig i åra 1922–1923 mellom republikanarar som meinte avtala gav høve til full fridom seinare og dei som meinte at avtala sveik den republikken som var kunngjort ved påskeopprøret i 1916.

Under unionistisk eittpartistyre 1921–1972

Den fyrste unionistpartiregjeringa i 1921. Statsminister James Craig nr tre frå venstre. Lengst til venstre er Sir Richard Dawson Bates, sekretær for unionistpartiet frå 1906, sentral i oppbygginga av og våpensmuglinga til Ulster Volunteer Force, arkitekten bak unnatakslova Special Powers Act og den som styrte politistyrkane som innanriksminister 1921-43.
Publisert i Illustrated London News, 9. juli 1921.
Opninga av Stormont, 1932
Nord-Irland hadde eige parlament frå 1921 til 1972. Det fyrste dryge tiåret heldt det til i Belfast City Hall. Biletet er frå opninga av det nybygde parlamentsbygget på Stormont, 16. november 1932.
Av /National Library of Ireland.

Ved valet til parlamentet i Nord-Irland i 1921, fekk UUP 40 av dei 52 plassane, medan Sinn Féin og Nasjonalistpartiet fekk seks kvar. Topplanet i UUP var dominert av direktørar og handelstand, med innslag av høgare utdanna og den gamle landeigarklassen. Unionist-partiet kontrollerte lovgjeving og politikk på dei fleste område, men styresmaktene i London kunne omgjera politiske avgjerder i Belfast. Nord-Irland var ikkje ein stat og heller ikkje ein provins, men den delen av Irland som held fram i union med Storbritannia.

Nord-Irland vart militarisert og styrt autoritært med fullmaktslova Special Powers Act frå 1922, og med krav om lojalitet til kongen og unionistregjeringa frå kommunestyre, administrativt tilsette og lærarar. Raskt var kvar femte mannlege vaksne protestant i politistyrkane Ulster Special Constabulary (USC) eller Royal Ulster Constabulary (RUC). USC vart oppretta av UUP, Orangeordenen og Ulster Volunteer Force i 1920 – før Nord-Irland vart til. Mange rekna USC som den væpna fløya av Orangeordenen og regjeringa godtok at det vart skipa eiga Orangelosje for politi.

Kommunestyre med nasjonalistisk fleirtal vart sett under administrasjon, og valkrinsgrensene vart trekt for å sikra unionistisk representantfleirtal også dei fleste stader med nasjonalistisk veljarfleirtal (gerrymandering) frå 1924. Frå 1929-valet til Belfast-parlamentet (Stormont) gjeninnførde UUP fleirtalsval i einmannskrinsar, bortsett frå valkrinsen Queens University Belfast, som gav ei ekstra røyst og fire representantar til utdanna og stort sett unionistiske elitar. Direktørar fekk seinare opptil seks røyster på vegner av sine firma (company votes), og berre skatteytande bustadeigarar fekk røysta i lokalval. Skatteytande leigetakarar vart fråtekne lokal røysterett i 1946. Vala vart folketeljingar av dei lojale, og det var lite tenkjeleg at andre enn UUP kunne vinna i mange valkrinsar. I 1933 stilte berre ein kandidat i to av tre valkrinsar, og då vart kandidaten valt utan at veljarane røysta. Slik føregjekk vala i mellom 40 og 50 prosent av krinsane til og med 1969.

Det var omfattande diskriminering av den katolikkane i arbeidslivet og i tildeling av bustad. Diskrimineringa tente unionistpartiet og vart ikkje offentleg vedkjend før i rapporten frå Cameronkommisjonen (1969). Diskrimineringa fekk støtte frå toppane i UUP.

Nord-Irland under andre verdskrigen

I 1939 iverksette IRA ein sabotasjeplan mot sivil og militær infrastruktur i England. Den kravde 10 liv, skadde fleire og gav materielle skadar. I åra 1942–1944 gjekk dei og til åtak på politiet i byar som Strabane, Dungannon og Belfast. Unionistane vart ikkje informert om at statsminister Winston Churchill lova den irske regjeringa irsk samling som motyting for irsk oppgjeving av nøytraliteten i andre verdskrigen våren 1940.

Under andre verdskrigen vart Belfast utsett for omfattande tysk bombing i 1941, om lag 300 000 britiske og amerikanske soldatar var utstasjonert i Nord-Irland og særleg verftsindustrien og tekstilindustrien stod for massiv krigsproduksjon.

Irland vert republikk

I 1937 utvida den irske fristaten sjølvstendet sitt og kalla seg Éire (Irland). Frå 1949 vart Irland republikk, og grunnlova definerte territoriet som heile øya med tilliggjande øyar og territorialfarvatn. Ved valet til Belfastparlamentet i 1949 mobiliserte nasjonalistane for irsk samling medan redsla for samling mobiliserte unionistar. UUP styrkte fleirtalet sitt og britane vedtok Ireland Act (1949). Ifylgje denne skulle Nord-Irland vera del av Det foreinte kongeriket så lenge Belfastparlamentet ikkje ynskte noko anna. Unionen vart dermed styrkt.

Ny IRA-kampanje 1956–1962

I åra 1956–1962 gjennomførte IRA ei grensekampanja Operasjon Harvest utløyst av gode valresultat for Sinn Féin i nokre nord-irske valkrinsar. Aksjonane var stort sett åtak på politistasjonar nord for grensa. Resultatet vart seks drepne frå RUC, 12 drepne IRA-friviljuge og internering av drygt 400 IRA-mistenkte nord og sør for grensa. Grensekampanja vart avslutta tidleg i 1962, våpna vart lagt bort eller avhenda og IRA stod utan særleg folkeleg støtte, med mange internerte, og var demoralisert.

Inn i The troubles, 1963–1972

Statsminister Terence O’Neill (1963–1969) ynskte betre kontakt med katolikkane og styresmaktene i sør og økonomisk modernisering. Kritikken for diskriminering av nasjonalistane vaks seg sterkare midt på 1960-talet, og borgarrettsrørsla Northern Ireland Civil Rights Association (NICRA, 1967) vart viktig. Dei kravde omfattande reform og hadde støtte frå nasjonalistar og venstreorienterte, men berre frå dei mest liberale unionistane. Då statsminister O’Neill møtte den irske statsministeren i 1967, organiserte den ytterleggåande protestanten Ian Paisley demonstrasjon og omtala O’Neill som pådrivar for pavestyre. I 1966 kunngjorde Ulster Volunteer Force (UVF) krig mot det nesten ikkje-eksisterande IRA, tok livet av tre personar utan kjende politiske roller – og vart forbodne i Nord-Irland. Dei var dei fyrste paramilitære som greip til vald etter at IRA la ned våpna i 1962. Unionistpartiregjeringa si Ulster Year Book for 1963-1965 og 1966-1968 omtaler IRA i eigne underkapittel, og båe slår fast at dei ikkje hadde væpna aktivitet sidan 1961.

Hausten 1968 møtte RUC ein borgarrettsdemonstrasjon i Derry med vald kringkasta på irsk fjernsyn, og nesten hundre vart skadde. Mange rekna dette som starten på the troubles. Organisasjonen People’s Democracy vart då skipa og kopierte Martin Luther King sin marsj frå Selma til Montgomery i USA i 1965 med ein marsj frå Belfast til Derry i januar 1969. Lojalistar møtte demonstrantane med metallstenger, flasker og steinar, RUC greip ikkje inn, og personell frå Ulster Special Constabulary deltok i overfallet på demonstrantane. RUC oppløyste marsjen då den nådde Derry, noko som utløyste samanstøytar. Statsministeren kunngjorde då ein reformplan som gav for lite og kom for seint for borgarrettsaktivistane, men som samstundes provoserte store delar av eige parti. Han utlyste parlamentsval i februar 1969, vann valet med eit splitta parti og kunne difor ikkje samla fleirtal for reformane. Difor gjekk han av i slutten av april 1969. I vekene før vart ei katolsk kyrkje og straum- og vassforsyninga til Belfast sprengd. Skulda vart lagt på IRA, men det var UVF som stod bak og ville fella Terence O’Neill.

I august 1969 rykka RUC tungt væpna inn i Bogside (Derry) og utløyste slaget om Bogside. Den nye statsministeren, James Chichester-Clark, bad om støtte frå den britiske hæren, som då rykka inn med Operasjon Banner (1969–2007). Uroa spreidde seg raskt til Belfast og andre byar. Då uroa i Belfast la seg, var heile gater brannbomba av lojalistar og fleire var drepne. Til saman vart over 1500 katolske og 300 protestantiske familiar tvungne til å flykta på få månader. Mange lokale meinte IRA gjorde for lite i forsvar av nasjonalistiske buområde. Det leidde til rekruttering til IRA, kritikk av den marxistiske orienteringa i IRA-leiinga og peikte fram mot kløyvinga av både Sinn Féin og IRA i 1969/1970.

Nye politiske parti og oppløysing av Ulster Special Constabulary

Bombeangrep i London

Parlamentsbygget i London og 11 menneske vart skadde av ei IRA-bombe i juni 1974.

Av /RV1864.
Lisens: CC BY NC ND 2.0
Fredslinje i Belfast
Ein av dei mange fredsmurane i Belfast. Dei er fysiske sperringar mellom hovedsakleg unionistiske (protestantiske) og republikanske (katolske) område, reist etter 1969. Dei finst fyrst og fremst i Belfast, men også i andre større byar. Dei lengste er over fem kilometer lange.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

I tillegg leidde den politiske polariseringa til tre andre nye parti. Det tidlegare dominante UUP var kløyvd. Dei mest moderate og reformvenlege i UUP skipa Alliance Party of Northern Ireland (APNI) i 1970, medan dei sterkaste reformmotstandarane slutta seg til Ian Paisley og hans Democratic Unionist Party i 1971. Borgarrettsaktivistar og einskildpersonar frå fleire gamle nasjonalistparti skipa Social Democratic and Labour Party (SDLP) i 1970.

Ulster Special Constabulary fekk kritikk frå borgarrettsaktivistar og nasjonalistar men også i rapportar frå offentlege utval, og vart oppløyst våren 1970. I staden vart Ulster Defence Regiment (UDR) skipa i 1970 som eit lokalrekruttert infanteriregiment i den britiske hæren.

I august 1969 rykka den britiske hæren inn med 2700 mann i Operasjon Banner (1969-2007), topp-punktet på over 25 000 kom i 1973. Fyrst vart soldatane godt mottekne av nasjonalistane, men då gater i Belfast vart sette i brann av lojalistar i august 1969 gav hæren ikkje vern, politiet greip ikkje inn – og i nokon tilfelle hjelpte dei lojalistane.

I 1971 iverksette britiske soldatar masseinternering, nesten berre av nasjonalistar. På tre dagar i august 1971 tok britiske fallskjermjegerar livet av 11 uvæpna i Ballymurphy i Vest-Belfast og 30. januar 1972 – den blodige søndagen – drap fallskjermjegarane 14 menneske i Derry. Under press nekta UUP-regjeringa likevel å gje frå seg kontrollen over tryggleik til London. Statsministeren i Nord-Irland (Brian Faulkner) gjekk då av. Londonstyresmaktene oppløyste Belfastparlamentet og innførte britisk direktestyre i slutten av mars 1972. UUP og andre unionistar hadde framleis eit klårt veljarfleirtal, men dei mista den politiske styringa og vegane deira til politiske og administrative karrierar vart færre.

Ein granskingsrapport frå april 1972 kvitvaska drapa på den blodige sundagen, frikjende soldatane, og hendingane i Derry vart liggjande som ein verkebyll til ei ny gransking vart offentleg i 2010. Den slo fast at fallskjermtroppane skaut utan å vera truga, skaut uvæpna sivile og tok livet av ein såra mann. Statsminister David Cameron bad om orsaking på vegner av styresmaktene.

Frå eittpartistyre til langfredagsavtala, 1972–1998

Nord-Irland (Historie) (Minnetog for Blodige søndag)

I ein trettiårsperiode fram til 1998 var Nord-Irland prega av valdeleg konflikt mellom statsmaktene og paramilitære grupper på republikansk og lojalistisk side. Biletet er frå ein minnemarsj for ofra for masseskytinga av borgarrettsdemonstrantar dei britiske fallskjermjegarane gjennomførte på den blodige sundagen 30. januar 1972. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Propagandaplakat frå United Ulster Unionist Council 1974
Propagandaplakat frå United Ulster Unionist Council frå 1974: "Dublin is just a Sunningdale away". Bodskapen er at Sunningdaleavtala ville føra til Dublinstyre, det vil seia irsk samling.
Ulster Defence Regiment
Ulster Defence Regiment (UDR) var eit lokalrekruttert infanteriregiment i den Britiske hæren. Det vart oppretta i 1970 og oppløyst og gjekk inn i Royal Irish Regiment i 1992. Her marsjerer UDR i Portadown, Armagh. Då UDR vart oppløyst sona omlag 120 dåverande eller tidlegare UDR-medlemer straffar for alvorlege brotsverk, 17 av dei var drapsdømde og svært mange var også medlemer i Ulster Volunteer Force.
Gravferda til Bobby Sands
IRA-mannen Bobby Sands' kiste berast til gravstaden i Vest-Belfast eskortert av maskerte IRA-friviljuge. Sands døydde i sveltestreik kort tid etter at han vart valt til representant for valkrinsen Fermanagh-South Tyrone til parlamentet i London.
Av /Associated Press.

Våren 1972 kunngjorde IRA våpenkvile og britane hadde hemmelege samtaler med leiande republikanarar, mellom dei Martin McGuinness (1950–2017) og Gerry Adams (1948–). Samtalene braut raskt saman og det provisoriske IRA tok opp att den væpna kampanja si. 1972 vart det klåre toppåret for konfliktdødsfall i Nord-Irland med om lag 480 drepne av republikanarar, lojalistar, den britiske hæren og RUC.

I mars 1973 var det folkerøysting i Nord-Irland om dei skulle halda fram som del av Det foreinte kongeriket eller gå inn i eit samla Irland. Både republikanarar og moderate nasjonalistar boikotta røystinga, og utfallet var opplagt på førehand. 59 prosent røysta og 98,9 prosent røysta for å halda fram i Det foreinte kongeriket.

Sunningdale-avtala (1973) og Hillsboroughavtala (1985) skulle gje maktdeling mellom unionistar og nasjonalistar, og gje Irland ei rådgjevarrolle. I båe tilfella skulle ei proporsjonalt samansett folkevald forsamling sikra maktdeling. Social Democratic and Labour Party og Alliance Party støtta båe forsøka. Fleirtalet i UUP støtta Sunningdaleavtala mot viljen til eit stort mindretal, medan alle unionistparti sette seg imot Hillsboroughavtala. Sunningdale-avtala kollapsa i 1974 då unionistar iverksette generalstreik leidd av Ulster Workers Council med støtte frå dei paramilitære i Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Defence Association (UDA). Generalstreiken skapte kaos, og under streiken tok UVF livet av 39 sivile i bombeåtak i Dublin og Monaghan. Dei vart gjennomført med støtte frå personar i Ulster Defence Regiment (UDR), RUC og agentar frå britisk etterretning. Det er udiskutabelt at slikt samrøre mellom statsmaktene og paramilitære lojalistar skjedde, men omfanget er uvisst. Offentlege utgreiingar tyder på at 85 prosent av etterretningsinformasjonen lojalistane hadde tilgang på seint på 1980-talet, kom frå statsmaktene.

I 1976 mobiliserte dei to kvinnene Betty Williams og Mairead Corrigan Maguire for fred, med til dels sterk oppslutnad, særleg frå kvinner. For dette vart dei tildelt Nobels Fredspris i 1977, men greidde aldri å organisera og mobilisera langsiktig for eit program som kunne forplikta både statsmaktene og paramilitære lojalistar og republikanarar.

I 1981 døydde 10 fangar frå Irish Republican Army (IRA) og Irish National Liberation Army (INLA) i sveltestreik. Ein av dei var Bobby Sands, som vart vald til Londonparlamentet under sveltestreiken. Kvar tiande veljar røysta på Sinn Féin ved valet til nord-irsk forsamling i 1982 og britiske og irske styresmakter frykta at SF kunne verta det største nasjonalistpartiet. IRA gjennomførte ei bombekampanje i England frå 1981 og kom nær å drepa statsminister Margaret Thatcher i 1984. Thatcher fekk etterretningsinformasjon om at det ikkje nytta å knusa IRA militært, og at ei politisk løysing måtte til. Leiande irsk-amerikanske politikarar pressa på i same retning. Dette peikte mot Hillsborough-avtala. Unionistane gjorde felles front mot avtala, utløyste nyval til Londonparlamentet og organiserte demonstrasjonar, storstreik, ei stor underskriftskampanje, blokkerte vegar og utløyste konfliktar med RUC som på kort tid skadde 47 politi.

Sunningdale- og Hillsboroughavtala skapte ikkje fred eller maktdeling, men Hillsborough-avtala gav tettare samarbeid mellom regjeringane. Unionistane rekna den irske rådgjevarrolla som eit uakseptabelt steg mot irsk samling. Fram til Thatcher gjekk av i 1990, hadde få tru på vellukka politiske initiativ frå britisk side.

Frå desember 1972 gjekk rettssaker mot republikanarar og lojalistar med ein domar og utan jury. Vidare vart det gjennomført supergrass-rettssaker med ein paramilitær informant som gav informasjon i byte mot påtalefråfall, strafferabatt, identitetsskrifte og i nokon høve – pengar. I ei rettssak i 1983 vart 22 IRA-medlemer dømde til fengsel i til saman 4000 år etter vitnemål frå ein person. Mange slike domar vart seinare omgjort, fordi dei ikkje var pålitande. IRA-aksjonar i England leidde dessutan til justismord i engelske rettssaker. Etter domar i åra 1974 og 1976 sona 18 personar, domar på til saman eit par hundre år som seinare vart oppheva på grunn av tilbakehald eller fabrikasjon av prov, manipulerte forklåringar eller mishandling.

Vegen til langfredagsavtala

Sniper at work

Skiltet med åtvaringa "Sniper at work" til britiske styrkar og Royal Ulster Constabulary i Crossmaglen, Sør-Armagh. I dette området lukkast IRA langt på veg i å gjera teneste utanfor fortifiserte basar eller utan tung militær sikring frå lufta svært risikabelt for den britiske hæren og politiet RUC.

Av .
Langfredagsavtalen
Kampanjeplakat i forkant av folkerøystinga om Langfredagsavtala i 1998.
Av / Troubled Images Exhibition, Linen Hall Library, Belfast.
Lisens: CC BY SA 3.0

I 1993 kunngjorde statsminister John Major og den irske statsministeren at dei som budde i nord og sør skulle avgjera på demokratisk vis om Irland skulle vera delt eller samla. Ifylgje Major hadde britane ikkje eigeninteresser som stod i vegen for nokon av desse løysingane. IRA og lojalistiske grupper kunngjorde våpenkvile hausten 1994, og i 1995 kunngjorde styresmaktene framlegg om nord-sør-institusjonar og ei proporsjonalt samansett folkevald forsamling for Nord-Irland. Parallelt oppstod mykje uro kring Orangeordenen sine marsjar i nasjonalistiske bustadområde, og i 1996 kollapsa våpenkvilene. IRA kunngjorde ny våpenkvile i juli 1997, og lojalistane fylgde på. Då Tony Blair (Labour) vart britisk statsminister, kom dei politiske samtalene som leidde til langfredagsavtala i gang.

Langfredagsavtala var to avtaler – ei mellom alle store parti i Nord-Irland frårekna DUP, og ei mellom Irland og Det foreinte kongeriket. Innhaldet var maktdeling mellom unionistar og nasjonalistar, like statsborgarlege og politiske rettar og kulturell jamstilling, reform av RUC, avvæpning av paramilitære, tidleg lauslating av paramilitære fangar og (britisk) demilitarisering. Det skulle og opprettast organ for nord-sør samarbeid i Irland og for aust-vest-samarbeid mellom dei to statane. I tillegg skulle Republikken Irland endra grunnlova, slik at den ikkje kunne tolkast som eit krav på Nord-Irland. Folkeleg godtaking vart sikra ved fleirtal i folkerøystingar i nord og sør. Partileiarane David Trimble (UUP) og John Hume (SDLP) fekk Nobels fredspris for innsatsen for Langfredagsavtala i 1998.

Seinhausten 2001 vart RUC til Police Service of Northern Ireland (PSNI). Det gav kvotert rekruttering av politi med nasjonalistisk bakgrunn. IRA-våpna vart øydelagde mellom 2001 og 2005 under internasjonalt tilsyn, og dei viktigaste lojalistiske paramilitære gruppene vart avvæpna i 2009 og 2010. St. Andrewsavtala (2006) mellom den irske og den britiske staten og alle dei større nord-irske partia leidde til at Sinn Féin støtta politistyrken PSNI aktivt, og til at DUP sa seg viljuge til samarbeid med Sinn Féin om styring av Nord-Irland.

Både på republikansk og på lojalistisk side finst det grupperingar som ikkje støttar langfredagsavtala. I august 1998 sprengde utbrytarar frå IRA – Real IRA – ei massiv bilbombe i Omagh der 29 vart drepne. Slike grupper av republikanske dissidentar har langt mindre politisk støtte enn det gamle IRA hadde. På den lojalistiske sida har dei paramilitære organisasjonane utvikla seg til reindyrka kriminelle gjengar med valdelege bandekrigar om kontroll med pengar frå smugling og prostitusjon.

Politisk og demografisk utvikling etter 1998

Ian Paisley, George W. Bush og Martin McGuinness
Ian Paisley (Democratic Unionist Party), den amerikanske presidenten George W. Bush og Martin McGuinness (Sinn Féin) i Det kvite huset i desember 2007. Mange rekna det som eit gjennombrot for fredsprosessen at Paisley etterkvart samarbeidde godt med McGuinness.

Maktdelinga gjekk ikkje knirkefritt. Parlamentet har vore suspendert og Nord-Irland har vorte direktestyrt av britane i lange periodar sidan 1998, siste gong etter at Democratic Unionist Party trekte seg frå maktdelingsregjeringa i perioden frå februar 2022 til februar 2024. Styrkeforholdet mellom partia er óg mykje endra. UUP, som var massivt dominerande 1921–1972, vart fjerde størst ved vala til Belfastparlamentet i 2022 og i lokalvala 2023. Sinn Féin, som var tredje største parti før langfredagsavtala, vart største parti ved dei same vala og klårt sterkare enn SDLP blant nasjonalistane. Democratic Unionist Party (DUP) er dominant blant unionistane. Frå februar 2024 er Michelle O'Neill frå Sinn Féin fyrsteminister for den nordirske regjeringa, det er fyrste gongen ein nasjonalist og republikanar har det fremste politiske vervet i Nord-Irland.

Folkerøystinga om Brexit i 2016 viste at 55,8 prosent i Nord-Irland ikkje ynskte Brexit. Democratic Unionist Party var det einaste større lokale partiet som ynskte Brexit. På same standpunkt stod ytterpartiet Traditional Unionist Voice, det radikalt venstreorienterte People Before Profit og republikanske dissidentar. Sinn Féin, som tidlegare hadde vore EU-motstandarar, støtta remain-sida – saman med Alliance Party og SDLP, medan UUP var delt. Då Brexit vart røyndom frå 2020, skapte tollordningar uro både blant nasjonalistar som ikkje ynskte oppbygging av grensa mot Irland, og blant unionistar som ikkje ynskte at aust-vestgrensa skulle skapa meir sympati for irsk samling innanfor EU.

I 1921 var om lag 2/3 protestantar og om lag 1/3 var katolikkar. Sidan 1960-talet fall fleirtalet, og i 2021 var det for fyrste gong fleire med katolsk bakgrunn (45,7 prosent) enn med protestantisk eller anna kristen bakgrunn (43,5 prosent). Saman med trendane i partioppslutnad har det auka redsla for irsk samling blant unionistar. Dei finn det urovekkjande at Sinn Féin også er det største parti i sør, og at SF i framtida kan få både statsministeren i sør og fyrsteministeren i nord. Etter langfredagsavtala krevst det sannsyn for eit fleirtal for irsk samling for at Nord-Irlandsministeren skal utlysa folkerøysting om dette. Meiningsmålingar tyder ikkje på at det er tilfelle i nær framtid. Det har aldri vore slik at alle protestantar er unionistar eller at alle katolikkar er nasjonalistar.

Ulike syn på Nord-Irlands historie

Grovt kan ein skilja mellom to hovudtypar forståing. Den eine legg mest vekt på indre motsetnader i Irland/Nord-Irland, og ser the troubles som ein (religiøs) borgarkrig mellom valdelege paramilitære, fredelege innbyggjarar og statsmakter som i nyare tid har forsøkt å halda stridande partar frå kvarandre. Den andre legg mest vekt på kolonisering, imperialisme og ufullstendig avkolonisering, og korleis fyrst og fremst den britiske staten skapte og påverka konfliktane i mange høve i uoffisielt samrøre med lojalistiske paramilitære grupper.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Bardon, Jonathan (1996); A shorter illustrated history of Ulster. The Blackstaff Press.
  • Farrell, Michael (1990); Northern Ireland. The Orange State. Pluto Press.
  • Feeney, Brian (2020); A short history of the troubles. O’Brien.
  • Fenton, Siobhán (2018); The Good Friday Agreement. Biteback Publishing.
  • McGovern, Mark (2019); Counterinsurgency and collusion in Northern Ireland. Pluto Press.
  • McMahon, Sean (2011); A brief history of Northern Ireland. The Brehon Press.
  • Mulholland, Mark (2000); Northern Ireland at the crossroads. Ulster Unionism in the O’Neill years, 1960-9. MacMillan Press.
  • O’Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 1. Colonialism. Oxford University Press.
  • O’Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 2. Control. Oxford University Press.
  • O’Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 3. Consociation and confederation. Oxford University Press.
  • Townshend, Charles (2021); The partition. Ireland divided 1885-1925. Allen Lane – Penguin Books.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg