Nora er eit kvinnenamn som er kortform av Leonora og Eleonora. Nora kan også vere gitt som eit symbolsk namn for Noreg på same måte som kvinnenamna Svea og Dana symboliserer Sverige og Danmark.

Namnet har fleire variantar: Nora, Norah.

Namnedag er 14. april. Ellinor har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Nora

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Nora Muller fødd 1811 i Flekkefjord, busett i Norderhov i 1865.

Kulturell bruk

  • Den svenske diktaren Esaias Tegnér lét Nora personifisere Noreg i «Mor Norge» (1820).
  • Nora i Henrik Ibsens «Et Dukkehjem» (1879). I nokre land, f.eks. Russland, heiter skodespelet ganske enkelt «Nora».

Kjende personar med namnet Nora

Eit utval personar med namnet Nora, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 12 257 kvinner i Noreg som hadde Nora som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Nora var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 338 jenter som fekk namnet Nora, og det var det mest populære jentenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Nora høyrer til ei gruppe tostava namn på -a som har toppfasen sin på 2000-talet, til dømes Ada, Alva, Dina, Frida, Hedda, Kaia, Lea, Maja, Mia, Oda, Ronja, Runa, Sanna, Stella, Thea og Ylva. Dette står i motsetning til dei tostava namna på -a med to toppfasar – både rundt år 1900 og på 2000-talet – til dømes Emma, Laura, Selma, Ebba og Klara. Nora har vore mest brukt etter 2015, og dette kan sjåast i samanheng med jenta Noora i den populære TV-serien «Skam» (2015–2017).

Utvikling i bruk av namnet Nora frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Nora frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Nora på 1800-talet.

Nora var mest brukt i Kristiania, Vestfold og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Nora på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Nora var mest brukt i Kristiania, Vestfold og Nordland.

Historisk bruk av namnet Nora
Historisk bruk av namnet Nora
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg