Faktaboks

Nisser
Nisservatnet
Nisser
Utsikt nordover Nisser frå Kronfjell. Austsida av vatnet har jamt over brattare lier enn vestbreidda.
Lisens: CC BY 2.0

Nisser er ein innsjø i Arendalsvassdraget, i Nissedal og Kviteseid kommunar i Telemark. Innsjøen er 38 km lang og opptil 3 km brei med eit areal på 77 km2 . Reguleringshøgda er mellom 247 og 244 meter over havet. Nisser er ein djup fjordsjø, med største målte djup på 234 meter.

Nisser har avløp gjennom Nisserelva til Nidelva. I nordenden er innsjøen skilt frå Vråvatnet ved ein stutt kanal med sluser. I sommarsesongen går det båt mellom Treungen i sørenden av sjøen og Strånd i nordenden.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg