Bre, Nigardsbreen, teikning

Bre. Lengdeprofil av Nigardsbreen. Breen har minka i lengd (ca. 4 km) og tjukne sidan den store framstøyten omkring 1720−50. Avsmeltinga gjekk i ein periode ganske raskt. Inst ved det nydanna Nigardsvatnet minka breen 200 m i tjukne frå 1937 til 1967. Fram til 2003 auka han både i lengd og tjukne, og brefronten blei brattare, men dei siste åra har brefronten trekt seg tilbake. Ismassane har ein sterk blåfarge, medan Nigardsvatnet er blakt grønt.

Av /Store norske leksikon ※.

Nigardsbreen, bilete av brefronten i oktober 2003.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kart over Nigardsbreen.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Nigardsbreen er ein dalbre i Luster kommune i Vestland fylke. Breen er ein austgåande arm av Jostedalsbreen i den øvre delen av Jostedalen.

Historikk

På byrjinga av 1700-talet gjekk isen fram og øydela dyrka marka og garden Negard Njelvær. Denne breframstøyten har samanheng med klimaendring under den vesle istida.

Nigardsbreen har blitt målt systematisk sidan 1900. Brefronten trekte seg jamt bakover i åra frå 1940 til om lag 1975, tilbakegangen var ca. 2,6 kilometer då han bremsa opp. Frå 1988 var breen igjen på frammarsj, då han rykte fram 280 meter i perioden frå 1988 til 2003.

Sidan tusenårsskiftet har Nigardsbreen trekt seg tilbake. Breen minka med 54 meter i 2017, 81 meter i 2018, 81 meter i 2019 og 4 meter i 2020. Sidan 2004 har Nigardsbreen gått tilbake 577 meter. Kalving og isras ved breporten har teke seks menneskeliv sidan 1986.

Turisme

Nigardsbreen er ein stor turistattraksjon. Vegen går ikkje heilt fram til breen, sidan det er ein bresjø framfor brefronten. Det er difor båtskyss over til breen. Breheimsenteret ligg like ved. Kvar sommar blir det ført meir enn 11 000 turistar i ulike ruter på Nigardsbreen. I 2016 blei området besøkt av 55 000 turistar, og 20 000 personar tok båten.

Kart

Nigardsbreen
Nigardsbreen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg