Morgedal
Sondre Nordheim sin fødestad i Morgedal.

Morgedal er ei bygd i Kviteseid kommune, Telemark.

Faktaboks

Etymologi

fyrsteleddet er truleg eit tapt elvenamn *Molga eller *Moldga

Gjennom Morgedal fører E 134 frå Seljord mot vest til Vinje og Haukeli. Dei øvste gardane ligg på 600 meter over havet og dalbotnen på 300 til 500 meter over havet. I Morgedal er det turisthotell og fleire pensjonat.

Morgedal er kjent som den moderne skisportens heimstad, med Sondre Norheim og brørne Torjus og Mikkel Hemmestveit (med fleire). I Morgedal ligg Norsk Skieventyr, som er eit skihistorisk museum og opplevingssenter med mellom anna Bjaalandmuseet. Elden til Fakkelstafetten før Lillehammer-OL 1994 blei tent i Morgedal i november 1993.

Kart

Morgedal
Morgedal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg