Mette er eit kvinnenamn som kan vere dansk form av Margareta. Namnet kan også vere nedertysk kjæleform av Mecht-hild. Forleddet tyder ‘makt’ og etterleddet ‘strid’ (sjå Mathilde).

Namnet har fleire variantar: Meta, Mette.

Namnedag er 14. mars. Mathilde har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Mette

Kulturell bruk

  • I Johan Herman Wessels komedie «Kierlighed uden Strømper» (1772) er Mette venninna til hovudpersonen Grethe.

Kjende personar med namnet Mette

Eit utval personar med namnet Mette, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 665 kvinner i Noreg som hadde Mette som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Mette var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Mette, med topp i 1960-åra, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Mette frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Mette frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mette på 1800-talet.

Mette var klart mest brukt i Nord-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Mette på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Mette var klart mest brukt i Nord-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Methe.)

Historisk bruk av namnet Mette
Historisk bruk av namnet Mette
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hald, Kristian 1974: [Personnavne i Danmark. 2. Middelalderen]. Fællesforenings Håndbøger. København.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg