Faktaboks

Merete Morken Andersen
Fødd
24. juli 1965, Bergen
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Merete Morken Andersen er ein norsk forfattar og redaktør. Andersen debuterte som forfattar i 1988 med den prosalyriske kortromanen Fra. Ho har seinare gitt ut fleire eksperimentelle bøker, med romanane Broren min løper (1991) og Dronningen etter badet (1996) som dei fremste.

Sitt store litterære gjennombrot fekk Andersen med den gripande samlivsromanen Hav av tid (2002), som ho fekk Kritikerprisen for. Romanen Mandel (2005) vart også godt motteken av kritikarane.

Andersen har vidare gitt ut ei handbok om Henrik Ibsen (1995) og fleire barnebøker. Skriveboka (2008) er ei breitt oppbygd bok som gir råd om ulike former for skriving.

I perioden 1993–1997 var ho redaktør for tidsskriftet Vinduet. Andersen har vore fagleg leiar for Aschehougs forfattarskule. I 2003 fekk ho Amalie Skram-prisen.

Bibliografi

  • Å skape fortellinger. Den lille skriveboka. (Sakprosa, Aschehoug 2022)
  • Blodet i årene. Amalie Skram og hennes tid. En biografisk collage (Spartacus, 2018)
  • Skriveboka. (Sakprosa, Aschehoug, 2008)
  • Gode grisen Gautes lille gråtebok. (Biletbok, Gyldendal, 2007)
  • Raske reven Rogers lille rotebok. (Biletbok, Gyldendal, 2006)
  • Mandel. (Roman, Gyldendal, 2005)
  • Hav av tid. (Roman, Gyldendal, 2002)
  • Ibsenhåndboka. (Sakprosa, Gyldendal, 1999)
  • Livsritualer En bok om Cecilie Løveid. (Essays, Gyldendal, 1998)
  • Fiendens musikk. (Lyrikk, Gyldendal, 1997)
  • Dronningen etter badet. (Roman, Gyldendal, 1996)
  • Broren min løper. (Roman, Gyldendal, 1991)
  • Fra. (Roman, Gyldendal, 1988)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg