Mats er eit nordisk mannsnamn som via Mattis går tilbake til Mathias. Mathias har vore mykje vanlegare enn Matheus i Noreg, og derfor går Mats oftast tilbake til Mathias, ikkje til Matheus.

Namnet har fleire variantar: Mads, Mass, Maths, Mats, Matts, Matz.

Namnedag er 24. februar. Mattias og Mattis har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Mats

Eit utval personar med namnet Mats, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 257 menn i Noreg som hadde Mats som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 27 gutar som fekk namnet Mats.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Mads og Mats (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes den danskpåverka stavemåten Mads (med opphav i Mattias) som fekk ein ny topp i 1980-åra. Døme på andre justerte namn med omtrent same kurveprofil er Anders (av Andreas), Lars (av Laurentius) og Mikkel (av Mikael).

Utvikling i bruk av namnet Mats frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mats frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg