Faktaboks

Mary Shelley

Mary Wollstonecraft Godwin Shelley

Uttale
ʃˈeli
Fødd
30. august 1797, London, Storbritannia
Død
1. februar 1851, London, Storbritannia
Portrett av Mary Wollstonecraft Shelley
Portrett av Mary Wollstonecraft Shelley
Av .

Mary Shelley var ein engelsk forfattar, mest kjend for skrekkromanen Frankenstein som kom ut i 1818. Ho var dotter av forfattar og feminist Mary Wollstonecraft og forfattar og filosof William Godwin.

Shelleys forfattarskap omfatta historiske romanar, framtidsskildringar og gotiske forteljingar.

Oppvekst og tidleg vaksenliv

Ettersom mora døydde i barselfeber, voks Mary Wollstonecraft Shelley opp hos faren, som gifta seg på nytt. Ho kom ikkje overeins med stemora, og 16 år gammal rømde ho saman med poeten Percy Bysshe Shelley til Frankrike og Sveits. Frå reisa skreiv ho History of a six weeks' tour (1817).

Paret gifta seg i 1816. Same år besøkte dei poeten Lord Byron i hans Villa Diodati ved Genfersjøen, der dei brukte ein regnfull sommar på å fortelje kvarandre spøkjelseshistorier. Ifølgje Shelley sjølv blei eit veddemål inngått mellom forfattaren, mannen hennar, Lord Byron og John Polidori om kven som kunne skrive den beste skrekkhistoria. Shelley vann. I 1818 kom det mest kjende verket hennar, Frankenstein, ut.

Frankenstein

Frankenstein blir rekna som eit av dei tidlegaste døma på science-fiction-litteratur. Romanen handlar om ein ambisiøs naturvitskapsmann, doktor Victor Frankenstein. I eit forsøk på å gi liv til eit menneske sydd saman av kroppsdelar frå avdøde personar, skaper han eit monster som fører til stor ulykke og vekkjer avsky. Men i grunn ønskjer monsteret berre anerkjenning og kjærleik. Boka kan lesast på fleire måtar, som til dømes som ei åtvaring mot å rote for mykje med skaparverket. Historia er filmatisert fleire gonger, mellom anna i ein skrekkfilmklassikar frå 1930 med Boris Karloff i rolla som Frankensteins monster.

Tragediar

Det følgjande tiåret opplevde Mary Shelley fleire tragediar. Av dei fire barna ho bar fram, nådde berre eitt vaksen alder. Den 8. juli 1822 blei ho enkje berre 24 år gammal, då Percy Bysshe Shelley drukna på ein segltur i Speziabukta. Etter at han døydde, brukte ho mykje tid på å samle og gi ut ektemannen sine dikt (1838), essay og brev (1840).

Vidare forfattarskap

Mary Shelley skreiv også fleire bøker, både historiske romanar, framtidsskildringar, biografiar og essay. Blant dei blir The Last Man (1826) rekna som den viktigaste. The Last Man handlar om undergangen til menneska i det 21. hundreåret og er eit djupt pessimistisk verk, i motsetnad til den utopiske idealismen nokre av Shelleys tidlegare bøker viser. I The Last Man kritiserer ho nokre av 1700-talstenkjarane, som til dømes far sin (William Godwin) og teorien hans om at menneska bevega seg mot perfeksjonisme.

Mary Wollstonecraft Shelley døydde i heimen sin i London, 54 år gammal.

Samla romanar og andre verk i utval ligg føre i ei utgåve i åtte band ved N. Crook og P. Clemit (1996).

Utvalde verk

  • History of a six weeks' tour through a part of France, Switzerland, Germany and Holland: with letters descriptive of a sail round the Lake of Geneva, and of the glaciers of Chamouni, 1817
  • Frankenstein or The Modern Prometheus, 1818, norsk omsetjing Frankenstein, Gyldendal Norsk Forlag, 1976
  • The Last Man, 1826
  • Rambles in Germany and Italy in 1840, 1842 and 1843, gitt ut i 1844

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Morrison, Lucy & Staci Stone (2003): A Mary Shelley encyclopedia. Greenwwod Press.
  • Schor, Esther, red. (2003): The Cambridge companion to Mary Shelley. Cambridge University Press.
  • Spark, Muriel. (1987): Mary Shelley. Dutton.
  • Sunstein, Emily W. (1989): Mary Shelley : romance and reality

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg