Faktaboks

Marta Steinsvik

døypt Marta Tonstad

Fødd
23. mars 1877, Bakke (nå Flekkefjord), Agder
Død
27. juli 1950, Oslo
Verke
Antroposof og skribent
Familie

Foreldre: Lærer Torkild Tonstad (1852–1908) og Ingeborg Evertsdatter Haugann (1848–1922).

Gift 16.5.1896 med redaktør Rasmus Steinsvik (1863–1913). Mor til Kjell Steinsvik (1903–77); farmor til Kjell Steinsvik (1933–2000).

Intervju med Marta Steinsvik i Aftenposten 6. mai 1925
Tidleg i 1920-åra var Steinsvik òg ein av Noregs mest framståande antisemittiske propagandistar, som mellom anna reiste rundt med føredrag basert på falsumet Sions vises protokoller. Her eit døme frå eit intervju i Aftenposten 6. mai 1925, der ho uttalte seg svært negativt om jødane.
Intervju med Marta Steinsvik i Aftenposten 6. mai 1925
Av .

Marta Steinsvik var ein norsk forfattar, reisande talar, samfunnsdebattant, feminist, antroposof, egyptolog, teolog og religionshistorikar. Ho var ein idealist som markerte seg i mange av dei sentrale debattane i Noreg første del av 1900-talet.

Bakgrunn

Marta Steinsvik var fødd i Flekkefjord i Lister og Mandals amt (no Agder) og var døypt Marta Tonstad. Foreldra Torkild Tonstad og Ingeborg Haugann. Ho blei gift med redaktør Rasmus Steinsvik i 1896 og er farmor til Kjell Rasmus Steinsvik.

Marta Tonstad var ei gåverik jente, og etter nokre år på folkeskulen i Mandal reiste ho til Kristiania for å gå på Ragna Nielsens skule, der ho 17 år gamal tok examen artium med karakteren laudabilis prae ceteris, som var beste karakter. Faga ho tok, var religion, norsk, engelsk, tysk, latin, gresk, geografi, matematikk, teikning og naturfag. Her blei ho òg kjend med landsmålet.

Studium og ekteskap

På skulen kom i kontakt med okkulte tankeretningar som teosofi og spiritisme. Ho blei dessutan kjend med mange radikale kvinner og tok til å omsetje artiklar frå tysk, fransk og engelsk til landsmål for det radikale tidsskriftet Kringsjaa. Seinare var ho redaktør i bladet ei kort tid.

Etter andreeksamen i 1895 tok ho til å studere medisin ved Universitetet i Kristiania (no Universitetet i Oslo). På den tida var det berre nokre få kvinnelege studentar. Midt i 1890-åra blei ho òg kjend med redaktøren i landsmålsavisa Den 17de Mai, Rasmus Steinsvik, og forelska seg i han. Steinsvik var med i eit anarkistisk miljø, der Arne og Hulda Garborg, Ivar Mortensson-Egnund, Sigbjørn Obstfelder og Anders Hovden var sentrale deltakarar.

Etter eit år i sambuarskap gifta Marta og Rasmus seg. På den tida var det å bu saman i sambuarskap sjeldan og radikalt. Fem born kom med korte mellomrom, og Marta måtte utsetje studia. Men ho tok lærareksamen, og ho underviste litt. Alt i desse åra var ho engasjert i samfunnsdebatten. Ho skreiv i Den 17de Mai og kjempa mellom anna for kvinneleg røysterett. Ho omsette heile ti bøker i dei åra ho hadde små born.

Ho tok opp at studia ved universitetet, men no var det egyptologi som blei faget hennar, med vekt på fleire språk i Midtausten: egyptisk, koptisk, arameisk, hebraisk og sanskrit. Studia av mellom anna dei gamle egyptiske trustilhøva førte henne djupare inn i teosofien. Rundt 1910 tok ho til å fantasere om kjærleiken til leiaren for den antroposofiske rørsla, tyskaren Rudolf Steiner. Psykiateren Johan Scharffenberg diagnostiserte henne som sinnssjuk, og ho blei lagd inn på Gaustad asyl, der ho var i nokre månader. No blei ekteskapet med Rasmus Steinsvik oppløyst.

Kor sjuk ho var, er uklart. Marta hevda seinare at Scharffenberg stilte diagnosen på grunnlag av mannen si framstilling av veremåten hennar, og fordi han oppfatta spiritistar som sinnssjuke i utgangspunktet. Seinare dokumentasjon tyder nok på at diagnosen ikkje var urimeleg. Det var diagnosen derimot då Scharffenberg 27 år seinare stilte diagnosen ein gong til.

Skilsmisse og idealisme

Etter skilsmissen måtte ho livberge seg på eiga hand og tok til som reisande foredragshaldar. Dette heldt ho fram med resten av livet. Ho engasjerte seg i ei lang rekkje av dei brennande spørsmåla i samtida. Samstundes studerte ho egyptologi og hadde lengre opphald ved British Museum i London og ved Københavns Universitetet. Ho kom seg ikkje til Egypt, men fekk tilbod om tilsetjing ved British Museum. Det sa ho nei takk til, av omsyn til borna.

Frå 1918 studerte ho teologi ved Menighetsfakultetet (no MF vitenskapelig høyskole). Men synet hennar på kvinner i forkynninga var for radikalt for leiarane både ved presteskulen og i Den norske kyrkja. Ho heldt, som den første kvinna, ei kveldspreike i Grønland kyrkje i Kristiania, og fekk mykje kritikk for dette. Då gav ho opp prestestudiet. I 1920- og 30-åra skreiv ho artiklar og pamflettar, kronikkar og skodespel. Ho var motstandar av jesuittane sin moralfilosofi og den katolske kyrkja si presteutdanning, sølibatet og det munnlege skriftemålet. Ho skreiv difor boka Sankt Peters himmelnøkler. Debatten enda med to injuriesaker om same saka, men med litt ulike utgangspunkt. Den eine tapte ho, men den siste vann ho på alle punkt.

Elles markerte ho seg som ein aktiv motstandar av statskyrkja, førestillinga om eit evig helvete, Oxford-rørsla, bruk av dyr i medisinsk forsking, tvangsvaksinering av born, dødsstraff, samt medisinaldirektør Karl Evang fordi han ville vaksinere born. Ho var ein kraftfull tilhengjar av likestilling for kvinner, fredssak, målsak og vegetarisme. Ho kjempa for kvinnelege prestar, for eit sterkt forsvar og for nasjonalt sjølvstende. Under andre verdskrigen fann ho opp ein metode til å produsere brenselbrikettar av kloakkslam, og ho gav ut eit hefte om tang og tare som vitaminkjelde og botemiddel mot mangelsjukdomar.

Antisemittisme og kritikk av landssvikoppgjeret

Steinsvik engasjerte seg i rasedebatten i samtida og åtvara mot at jødane kom til å overta makta i verda. Ho trudde òg på innhaldet i Protokollane til Sions vise, som alt på den tida var avsanna som eit falskneri. Ho meinte at dei opphavlege paragrafane i Grunnlova mot jødar og jesuittar måtte gjeninnførast. Ho var klart antisemitt.

Den siste kampen hennar kom etter andre verdskrigen, då ho kritiserte landssvikoppgjeret. Ho la fram prov på at fangane blei torturerte og elles behandla på ein uverdig måte i fengsel og fangeleirar. Kritikken blei publisert i boka Frimodige ytringer i 1946. Steinsvik blei truga på livet, mange som kalla seg medlemmar av heimefronten ville ha boka beslaglagd og forfattaren straffa. Til slutt blei det sett i gang gransking av boka. Noko injuriesak kom ikkje, og ettertida har vist at overgrepa mot landssvikarane på mange punkt var verre enn dei Steinsvik skildra.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ingeborg Solbrekken: Kors og kårde – Marta Steinsviks liv og virke 1877–1950. Oslo 2012
  • Ingrid Terland: Sørlandsforfattere [...], 2002, 160-161 (bibliografi)
  • Lise Skogstad: «Marta Steinsvik», Norsk biografisk leksikon, bd. 8. Oslo 2004

Faktaboks

Marta Steinsvik
Historisk befolkingsregister-ID
pf01063298014412

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg