Mardøla-aksjonen

Demonstrantar frå samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern, 3. august 1970.

Av /NTB scanpix.

Mardøla-aksjonen var aksjonane i Eikesdalen i Møre og Romsdal sommaren 1970, i protest mot reguleringane i samband med utbygginga av Eikesdal/Grytten kraftverk. Sentralt i konflikten stod overføringa av vatnet i Mardøla frå Eikesdal til Grytten i Romsdal.

Bakgrunn

Eikesdal hadde etter tidlegare utbyggingar, Aura-utbygginga med «takrenneprosjektet», fått garantiar for at det ikkje skulle overførast meir vatn frå dalen. Dessutan ville ei utbygging tørrleggje Mardalsfossen, som var ein av dei høgaste fossane i verda. Strid om plasseringa av kraftverket førte til at Stortinget for første gong fekk to godt førebudde alternativ å velje mellom.

Resultat

Sjølv om stortingsdebatten meir enn nokon gong tidlegare blei prega av naturvernomsyn, blei utbygginga vedteken etter det mest omfattande alternativet.

Samstundes var vernetanken på frammarsj, ikkje minst med bakgrunn i det pågåande naturvernåret. 25. juli blei anleggsarbeidet stansa av ei gruppe demonstrantar frå Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (SNM) og Eikesdal. For første gong blei sivil ulydnad teke i bruk i ei naturvernsak. Demonstrantane trekte seg tilbake 6. august. Aksjonen vekte stor oppsikt i inn- og utland og førte til auka debatt om norsk vasskraftutbygging og energipolitikk.

Sjølv om utbygginga blei gjennomført etter planen, og Grytten kraftverk stod ferdig i 1975, fekk Mardøla-aksjonen mykje å seie for det vidare vernearbeidet, blant anna den første Verneplan for vassdrag i 1973. For SNM var aksjonen starten på ein lang aktivitetsperiode.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg