Faktaboks

Mandsjuria

på engelsk Manchuria

Uttale
mandsjˈuria
Mandsjuria
Mandsjuria omfattar dei kinesiske provinsane Liaoning (lengst sør), Jilin (i midten) og Heilongjiang (lengst nord), og den nordaustlege delen av dagens Indre Mongolia (i lys raud). I Kina har dei tre førstnemnde provinsene sidan 1911 vore omtala som Nordaust-Kina (kinesisk Dongbei).

Mandsjuria er ein region i Aust-Asia og omfattar den nordaustlege delen av Kina. Regionen har ingen klart definerte grenser, men etter vanleg historisk definisjon omfattar regionen provinsane Liaoning, Jilin, Heilongjiang og den nordaustlege delen av dagens Indre Mongolia. Dei tre førstnemnde provinsane blir omtalte i Kina sidan 1911 som Nordaust-Kina (kinesisk Dongbei). Ein del av det russiske Fjerne austen blir omtalt enkelte gonger som Ytre Mandsjuria.

Historie

Måleri frå Qing-dynastiet
Qing-dynastiet, som var det siste keisardynastiet i Kina, kom frå Mandsjuria. Måleri frå Qing-dynastiet, utstilt på Museu do Oriente, Lisboa, Portugal. Frå 1800-talet.

Landet var heimstad for ei rekkje tungusiske stammar som spelte ei stor rolle i Aust-Asias historie. Ein av desse, jursjenarane frå Amurområdet, erobra Nord-Kina og oppretta eit dynasti, Jin (1115–1134). Etterkommarane av grunnleggjarane til Jin-dynastiet, mandsjuane, var ofte i krig med Ming-keisarane. Under Nurhachi (1559–1626) blei erobringane deira konsoliderte til eitt rike med Shenyang som hovudstad. Det mongolske alfabetet blei tillempa det mandsjuiske språket, og det kinesiske namnet Qing blei teke som dynastinamn. I 1644 erobra dette dynastiet Kina og sat på keisartrona til 1912.

Russland fekk i 1898 forpakta Port Arthur-området for 25 år, men det blei overteke av Japan i 1905. I 1931 okkuperte Japan størstedelen av Mandsjuria, og organiserte det som ein nominelt uavhengig stat, Mandsjukuo, under den avsette kinesiske keisaren Puyi. Hovudstaden blei Changchun, under namnet Hsinking. I 1933 blei provinsen Jehol erobra og innlemma i Mandsjukuo. Japan rådde over landet til 1945, då sovjetiske troppar rykte inn, og ved den sovjetisk-kinesiske traktaten av 1945 blei det kinesiske overherredømmet retta opp igjen. Sovjetunionen hadde til 1955 konsesjonar og støttepunkt i Port Arthur og Dalian.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg