Møre-Nytt er ei lokalavis som blir utgitt i Ørsta i Møre og Romsdal. Avisa kjem ut på papir to dagar i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Møre-Nytt er lokalavis for Ørsta- og Volda-regionen, og er sidan 2010 eigd av Polaris Media AS. Avisa vart grunnlagt i 1935.
Møre-Nytt
Faktaboks
- Offisielt namn
- MØRE-NYTT AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Ørsta
- Dagleg leiar
- Tormod Utne
- Styreleiar
- Frank Emblem
Digitalt
Møre-Nytt byrja med nettavis i 2011, og tilbaud e-avis frå 2014.
Møre-Nytt hadde i fjerde kvartal 2023 registrert i gjennomsnitt 9544 daglege lesarar på papir og nett.
Historie
Etablering
Møre-Nytt i Ørsta vart etablert av far og son Øivind og Alf Bergmann, og det første nummeret kom 14. januar 1935. Alf Bergmann var den første redaktøren. Den nye avisa kom ut kvar fredag, og dei første nummera med fire sider, og kosta éi krone i kvartalet. Avisa vende seg til «gode bygdefolk» og skulle vere eit upolitisk blad for bygdene på Sunnmøre. Avisa er framleis upolitisk og dekkjer for det meste lokale saker.
Konkurranse og utvikling
Dei første åra kom Møre-Nytt ut i konkurranse med Ørsta Avis. I 1941 vart Ørsta Avis lagt ned for godt, medan Møre-Nytt heldt fram og kom også ut under andre verdskrigen, med nokre korte avbrot. I 1946 kom Møre-Nytt i eige hus med gode vilkår for avisa og eige trykkeri. Utgivarfrekvensen vart utvida til først to, så tre gonger i veka. I 1980 kunne avisa flytte inn i eit heilt nytt avisbygg, med mykje betre plass enn tidlegare. Samtidig gjekk trykkinga over til offset og åtte sider i fullformat. Sidan har sidetalet vorte utvida.
Kjerneområdet for avisa er Ørsta og dels Volda på Søre Sunnmøre. Møre-Nytt har dermed overlappande kjerneområde med avisa Møre, som har fokus på Volda. Møre-Nytt har alltid vore ei nynorsk avis og utan politisk binding. Møre-Nytt var seint ute med nettavis, som kom fyrst i 2011. Vinteren 2014 kom Møre-Nytt også med e-avis.
Eigarskap
Møre-Nytt var heilt frå starten eigd av familien Bergmann, men i 1977 vart eigarskapen omgjord til aksjeselskap. Då dei store regionavisene i 2006 gjekk over til tabloidformat, var Møre-Nytt ei tid den einaste norske avisa med fullformat. Frå 24. november 2007 kom også Møre-Nytt i tabloidformat. Etter eit oppkjøp i 2007 overtok Sunnmørsposten 65 prosent av aksjane og fekk avisa trykt i Polaris Trykk Ålesund AS. Avisa kom dermed inn i Edda-konsernet, som i 2009 selde avisene på Nordvestlandet til Polaris Media. Resten av aksjane eigde Erik Bergmann, son til Alf Bergmann.
Utmerkingar
Opplag
Opplagstall for Møre-Nytt, 1986-2023
1986 | 4429 |
---|---|
1988 | 4846 |
1990 | 5013 |
1991 | 5074 |
1992 | 5114 |
1993 | 5171 |
1994 | 5203 |
1995 | 5249 |
1996 | 5273 |
1997 | 5284 |
1998 | 5317 |
1999 | 5461 |
2000 | 5504 |
2001 | 5503 |
2002 | 5426 |
2003 | 5428 |
2004 | 5454 |
2005 | 5528 |
2006 | 5550 |
2007 | 5509 |
2008 | 5526 |
2009 | 5783 |
2010 | 5705 |
2011 | 5670 |
2012 | 5528 |
2013 | 5214 |
2014 | 5190 |
2015 | 4842 |
2016 | 4854 |
2017 | 4560 |
2018 | 4800 |
2019 | 4904 |
2020 | 4931 |
2021 | 5036 |
2022 | 5060 |
2023 | 5156 |
År | Opplag |
---|---|
1950 | 2000 |
1972 | 2253 |
1980 | 4005 |
1990 | 5016 |
1998 | 5284 |
2008 | 5526 |
2015 | 3242 |
2019 | 4904 |
2020 | 4931 |
2022 | 5060 |
2023 | 5156 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement i andre halvår, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.
Fakta
- Fyrste nummer 14.6.1935.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.