Faktaboks

Måne

Måna

Region
Telemark
Byar

Rjukan

Kjelde
Møsvatn
Munning
Tinnsjå
Vassdrag

Skiensvassdraget

Måna
Vatnet i Måna produserer 2 TWh kraft årleg, her med Såheim kraftstasjon i Rjukan i bakgrunnen. Det er bygd tersklar i elva for å gi ein viss vass-spegel.
Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Måne er ei elv i Telemark, i Vinje og Tinn kommunar. Ho kjem frå Møsvatn (919–900 meter over havet), dannar den 104 meter høge Rjukanfossen, renn gjennom Vestfjorddalen og munnar ut i Tinnsjå (191–187 meter over havet).

Heile strekninga med i alt 727 meters fall frå Møsvatn til Tinnsjå er utbygd i fem kraftstasjonar med ein samla maskininstallasjon på 506 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 2237 GWh. I tillegg kjem produksjon i Mår kraftverk, som nyttar vatnet i elvene Mår og Gjerdøla. Dette renn deretter ut i Måna nedanfor Rjukan; vatnet blir på den måten nytta også i den nederste av dei fem kraftstasjonane i Måna (Mæl kraftverk).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg