Måbødalen er eit trongt og vilt dalføre i Eidfjord kommune, Vestland fylke, frå Øvre Eidfjord og opp til Sysendalen nordvest på Hardangervidda. Gjennom Måbødalen renn Bjoreia. Riksveg 7 følgjer dalbotnen i nedre del av dalen, og i øvre delen går han på sørsida, mellom anna gjennom fire tunnelar i fjellveggen. Tunnelane er til saman 3,1 kilometer lange.
I 1872 laga Den Norske Turistforening til ein rideveg inn til foten av Vøringsfossen; vegen er seinare restaurert. Denne ridevegen vart i 1888 forlenga opp til Sysendalen ovanfor fossen.
Måbødalen (1854) er òg namn på eit måleri av J.C. Dahl i Rasmus Meyers Samlinger i Bergen.
Kommentarar (2)
skreiv Per Bremnes
svarte Mari Paus
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.