Lund omfattar vestbreidda av det store Lundevatnet og dal- og heieområda nord og vest for dette, mellom anna Drangsdalen og dalføret til Storåna, likeins øvre del av Sokndalsvassdraget og Teksåna i Hellelandsvassdraget i nordvest (Heskestad sokn).
Lund fekk dei noverande grensene sine i 1965, då ein del av den tidlegare Heskestad kommune, det noverande Heskestad sokn, blei innlemma. Kommunen grensar i nordaust til Sirdal og i aust til Flekkefjord, begge i Agder, i sørvest til Sokndal og i vest og nord til Eigersund.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.