Faktaboks

Innbyggjartal
926 (SSB, 2023)
Landareal
0,9 km²
Tettstadsnummer
5222 Lonevåg

Lonevåg er ein tettstad i Osterøy kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,9 km², og har 926 innbyggjarar (2023).

Lonevåg ligg i botnen av Lonevågen, ein fjordarm som skjer seg frå Osterfjorden og seks kilometer mot søraust.

I Lonevåg er det eit forretnings- og servicesenter og noko industri, mellom anna metallvareindustri (Lonevåg Beslagfabrikk AS).

Kart

Lonevåg
Lonevåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg