Loen
Natur
Loen ligg ved den inste armen av Nordfjorden. Dalføret Lodalen strekkjer seg søraustover i retning av Lodalskåpa og Høgste Breakulen på Jostedalsbreen. Området er eit kjent turiststrøk med vill, storslått og vekslande natur, særleg rundt Lovatnet søraust for fjordbotnen. Inst i den ville Kjenndalen ligg den lett tilgjengelege Kjenndalsbreen.
Skred
Inst ved Lovatnet har det gått fleire skred: i 1884 på nordsida av Bødal, aust for vatnet, og i 1893 og 1896 i Kjenndalen opp for sørenden. Dei største skreda fann stad i 1905 og 1936, sjå Loenulykkene.
Næringsliv
Nordfjord Kjøtt er blant dei største bedriftene i Loen. Dessutan er hagebruk ein viktig næringsveg, og turismen har auka dei seinare åra. Loen blir besøkt av nær 100 cruiseskip i året. Frå Nesdal og Bødal ved sørenden av Lovatnet finst breovergangar til Jostedal.
Hotel Alexandra er frå 1884. Taubane frå hotellet til næraste fjell stod ferdig i 2017. Der går også klatrestien Via Ferrata med hotell på toppen av Hoven, som ligg 1011 meter over havet.
Namn
Opphavleg er Loen eit fjordnamn, norrønt Lóði. Det har kanskje samanheng med ló, ‘slette’ (ved vatn).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.