Litlabø er eit tidlegare gruveområde på øya Stord, i Stord kommune i Vestland fylke, ved nordenden av Storavatnet, sju kilometer frå trafikknutepunktet og kommunesenteret Leirvik. Det budde rundt 500 innbyggjarar der i 2020.

Stordø Kisgruber A/S dreiv ut svovelkis her frå 1907 til drifta vart stansa i 1968. Her er eit gruvemuseum (Sunnhordland museum og Venelaget for Gruo), og i dag eit bustadområde med skule, samfunnshus og idrettsanlegg.

Kart

Litlabø
Litlabø
Av /Statens kartverk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Sverre O. Lundal

At Litlabø er ein del av tettstaden Sagvåg er første gongen eg har høyrt.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg