Lillian er eit kvinnenamn som er engelsk kjæleform av Lilly.

Namnet har fleire variantar: Lilian, Liljan, Lillian, Lilliann, Lilljan.

Namnedag er 16. september. Lilly har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Lillian

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd 1860 i Amerika: redaktørfrue Liljan Ulnes, busett i Fana i 1900.

Kjende personar med namnet Lillian

Eit utval personar med namnet Lillian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 636 kvinner i Noreg som hadde Lillian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 jenter som fekk namnet Lillian.

Utvikling i bruk av namnet

Mens hovudtyngda av dei engelske kvinnenamna var mest populære 1915–1924, er Lillian eit avvik i og med at dette namnet var på topp i 1940-åra.

Utvikling i bruk av namnet Lillian frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Lillian frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg