Faktaboks

Leon Festinger
Uttale
fˈestiŋgə
Fødd
8. mai 1919, New York City
Død
11. februar 1989, New York City

Leon Festinger var ein amerikansk psykolog. Festingar skreiv hovudsakleg om sosialpsykologiske emne. Hans mest kjende bok er A Theory of Cognitive Dissonance (1957).

Festingar hevdar at svært mange av avgjerdene våre, haldningar og meiningar må forståast ut frå behovet om å vere konsekvent og oppleve ein viss orden og samanheng i oss sjølv og omverda. Når dette er vanskeleg, som dersom ein for eksempel blir utsett for motstridande propaganda, eller handlar mot eiga overtyding, oppstår det «kognitiv (tankemessig) dissonans».

Slik dissonans er ubehageleg, og personen vil då nytte seg av ulike strategiar for å oppheve, oversjå eller bagatellisere motsetnadene.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg