tettstad og administrasjonssenter i Stord kommune, Hordaland, på søraustsida av Stord. Leirvik er eit industri-, kommunikasjons- og skulesentrum. Industrien er dominert av Aker Solutions og Leirvik Module Technology (LMT). Bilferjesamband frå Skjersholmane til Ranavik og Fjelberg. Snøggbåtsamband til Stavanger, Bergen og Haugesund og til tettstader i Sunnhordland. Turisttrafikk. Høgskolen Stord/Haugesund på Rommetveit nord for Leirvik med m.a. lærar- og sjukepleiarutdanning. Stord vidaregåande skule med mange studieretningar. Stord sjukehus. Stort kulturhus med to kinosalar og symjehall. Sunnhordland museum med Ådlandsstova, årestove fra mellomalderen. Hystadmarka i nordaust har 12 gravrøyser, i eit par av dei er det gjort rike funn frå bronsealderen. I Leirvik kjem avisa Sunnhordland ut.
Leirvik – tettsted i Stord
- Innbyggertall
- 11342 (2008)