Leirungsdalen
Den nedre delen av Leirungsdalen er vid og flat.
Leirungsdalen

Leirungsdalen er ein dal i Jotunheimen i Vågå kommune, i Innlandet fylke. Dalen ligg på sørsida av Gjende og strekk seg frå Leirungsjønnin på nedsida Svartdalsbandet først austover mot fylkesveg 51 over Valdresflya og så nordover mot Gjende. Aust i dalen ligg innsjøen Øvre Leirungen, 1034 meter over havet.

Her ligg òg den lange eggen Knutshøe (1517 m) som mange meiner er Gjendineggen i Henrik Ibsens Peer Gynt. Dalen er open i nedre delen med store myr- og grastrekningar. Før i tida blei denne delen mykje brukt for å leie slaktefe over fjellet mot Austlandet. Lenger oppe blir dalen trongare og villare, med fleire toppar over 2000 meter på begge sider. Høgast når Tjønnholstinden (2331 meter) og Austre Leirungstinden (2288 meter) i nord, og Vestre Kalvehøgde (2208 meter) i sør.

Gjennom dalen renn Leirungsåe, som fell ut i Gjende. På ein strekning er Leirungsåe grenseelv mot Øystre Slidre kommune. Store delar av dalen ligg i Jotunheimen nasjonalpark, og vardinga gjennom dalen vart fjerna sist i 1990-åra.

Namnet

Leirungsåe har gitt namn til dalen. Namnet kjem av at elva fraktar med seg mykje breslam.

Kart

Leirungsdalen
Leirungsdalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg