Leif kjem av norrøne mannsnamnet Leifr som er kortform av namn på -leifr, til dømes Guð-leifr. Leif tyder ‘arving, etterkommar’.

Namnet har fleire variantar: Leif, Leiv.

Namnedag er 9. oktober. Liam har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Leif

Eit utval personar med namnet Leif, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 617 menn i Noreg som hadde Leif som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Leif var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 20 gutar som fekk namnet Leif.

Utvikling i bruk av namnet

Leif og Leiv var på topp 1925–1935. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf. Leif er brukt nesten 12 gongar meir enn Leiv. I 1926 og 1927 låg Leif på 5. plass på ranglista for gutenamn.

Utvikling i bruk av namnet Leif frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Leif frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Leif på 1800-talet.

Leif var klart mest brukt i Kristiania og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Leif på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Leif var klart mest brukt i Kristiania og Bergen.

Historisk bruk av namnet Leif
Historisk bruk av namnet Leif
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg