Faktaboks

Lars Kristian Holst
Fødd
22. november 1848, Bergen, Vestland
Død
31. mai 1915, Kristiania (no Oslo)
Verke
Jurist, pressemann og politikar
Familie

Foreldre: Skipsførar, overstuar og fiskevegar Søren Dalholt Holst (1811–84) og Catharina Krohn (1814–1903).

Gift 17.10.1882 med journalist (Petra Gregorine) Fernanda Thomesen (1862–1920; sjå Fernanda Nissen), ekteskapet oppløyst 1895.

Systerson til Henrik Krohn (1826–79; sjå NBL1, bd. 8); svoger til Nils Wichstrøm (1848–79).

Lars Holst
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC PDM

Lars Kristian Holst var ein norsk pressemann og Venstre-politikar. Han skreiv i dei tidlege målblada og var ein sterk redaktør i Dagbladet.

Bakgrunn

Lars Kristian Holst var fødd i Bergen i noverande Vestland og døydde i Kristiania (no Oslo). Han tok examen artium i 1867 og vart cand.jur. ved Universitetet i Kristiania i 1871.

Målsak

Holst var systerson til Henrik Krohn og kom tidleg med i den framveksande flokken av bergensmålmenn. Han skreiv i Krohns blad Ferdamannen, i Vinjes Dølen, i Vestmannalaget sitt tidsskrift Fraa By og Bygd og var medredaktør av bladet Svein Urædd i 1868–1870. Han skreiv òg i etterfølgjaren Andvake og var med og redigerte Fram i 1872. I 1874–1875 sat han i styret for Vestmannalaget. Frå 1888 til 1894 var han styremedlem i Det Norske Samlaget.

Redaktør

Frå 1872 var Holst medarbeidar i Bergens Tidende, og frå 1884 redaktør ved sida av Olav Lofthus. Frå 1883 til 1898 var han sjefredaktør i Dagbladet og gjorde avisa til eit hovudorgan for Venstre og ei leiande avis i kulturdebatten. Då Ivar Aasen døydde 23. september 1896, rydda Dagbladet straks plass på førstesida til eit lengre minneord. Truleg var det Holst sjølv som skreiv nekrologen.

Då han slutta som redaktør i Dagbladet i 1898, vart han justissekretær i byretten i Kristiania, men heldt fram med journalistikken. Han skreiv teaterkritikkar i fleire blad og politiske artiklar i Stavanger Aftenblad. Holst var målmann heile livet, men som journalist og redaktør i dagsaviser skreiv han dansk-norsk.

Politisk karriere

Holst var med og bygde opp Venstre som parti. Han var varaformann i Norges Venstreforening i 1893–1896 og formann i 1900–1903. I 1894 tok han initiativet til skipinga av Venstres Presseforening og var formann der til han døydde.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn», Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • Hans Fredrik Dahl: Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år. Oslo 1993
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Ola Holen: Norske Bladfolk. Billeder og Karateristiker. Kristiania 1895
  • Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
  • K. Petersen (red.): Studenterne fra 1867. Kristiania 1917
  • Kjell Venås: Då tida var fullkomen. Ivar Aasen. Oslo 1996
  • Ragnar Vold: Dagbladet i Tigerstaden. Oslo 1949

Faktaboks

Lars Kristian Holst
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392099867

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg