Faktaboks

Lars Tvinde
Lars Knutsen Tvinde
Fødd
11. september 1886, Voss, Vestland
Død
25. juni 1973, Oslo
Verke
Skodespelar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Knut Haldorsen (1843–1927) og Eli Jørgensdotter Leidal (1842–1927).

Gift 5.7.1923 i Kristiania med Gudrun Friedricksen (16.11.1894–27.11.1982), dotter til kjøpmann Severin Peter Friedricksen (1850–1919) og Gerhardine Olivia Gundersen (1852–1926).

Lars Tvinde var ein norsk skodespelar. Han var tydeleg og allsidig skodespelar som 2. januar 1913 hadde opningsreplikken i Ervingen av Ivar Aasen, det aller første stykket som vart oppført av Det Norske Teatret.

Bakgrunn

Lars Tvinde (ca. 1965)
Lars Tvinde, foto frå rundt 1965.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lars Tvinde var fødd på Voss i Hardanger. Han gjekk to år på Voss folkehøgskule, 1902–1903 og 1904–1905, og arbeidde deretter åtte år for onkelen sin, som dreiv butikk på Vossevangen.

Teaterkarriere

Skodespelarar i «Medmenneske» på det Norske Teatret (1937)

Lars Tvinde i teaterstykket «Medmenneske» på det Norske Teatret (truleg 1937), saman med Ragnhild Hald og Dagmar Myhrvold.

Tvinde var med i spellaget til Voss ungdomslag, som hadde framsyningar fleire stader på Vestlandet. I 1910 fekk spellaget andrepremie i ein konkurranse for amatørteater i Bergen, og premien var at dei fekk framføre teaterstykke i Kristiania. Hausten 1912 inviterte teatersjef Rasmus Rasmussen ved Det Norske Teatret fleire av skodespelarane i Voss spellag til prøvespeling i Kristiania. Tvinde var ein av to som prøvde seg, og han vart tilsett ved teatret. Der vart han verande resten av yrkeskarrieren sin. Dei to første åra var han òg maskinmeister.

Tvinde meistra fleire sjangrar. Den første tida ved Det Norske Teatret spela han mest i enkle folkekomediar, men han fekk etter kvart prøve seg i meir seriøse stykke. Ein av dei største prestasjonane hans var tolkinga av Didrik Dale i dramatiseringa av Olav Duuns Medmenneske i 1937. Stykket vart sett opp att i 1939 og 1953, begge gongene med Tvinde i rolla som Didrik Dale.

Filmkarriere

Lars Tvinde

Lars Tvinde som kapteinen i Strindbergs Dødsdansen på Det Norske Teatret 1949. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Lars Tvinde
Av /NTB Scanpix ※.

Tvinde spela òg i fleire stum- og lydfilmar. Han filmdebuterte i Fante-Anne i 1920. Mest kjend er han frå filmen Fant (1937) som Sebaldus.

Utmerkingar

Då Norsk Kritikarlag i 1939 delte ut Kritikarprisen første gongen, gjekk prisen til Tvinde for rolla som Dale. Tvinde hadde statens kunstnarløn frå 1955, og i 1964 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. I 2002 gav Posten ut eit frimerke med bilete av Lars Tvinde.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Oskar Braaten (red.): Det Norske Teatret. Dei fyrste femogtjuge åra. 1913–1938. Oslo 1938
  • Olav Dalgard: Lars Tvinde. Oslo 1966
  • Nils Sletbak: Det Norske Teatret. Femti år. 1913–1963. Oslo 1963

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg